Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 27 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Opna utbetra veg på Litlesotra

Torsdag føremiddag vart det markert at den utbetra vegen mellom Ankerhagen og Gamle Straumssundet bru er klar til bruk. Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som klipte snora og erklærte vegen for klar til bruk.
- Denne vegstrekninga var eit viktig rekkjefølgjekrav knytt til etableringa av Straume sjøfront. No vert det lettare for mjuke trafikantar å bevega seg trygt langs vegen, seier ordføraren.
Les meir.

Dette skjedde våren 2018

Historisk vedtak for Sotrasambandet, skulestrukturdebatt og handball i verdsklasse i Sotra Arena er noko av det vi hugsar frå det første halvåret 2018 i Fjell.
Les meir.

Vi har også laga ei oppsummering av litt av det som har skjedd i Nye Øygarden kommune.
Sjå oppsummeringa her.

Montering av nye farvasskilt og fjerning av gamle

Fjell kommune har utforma lokal forskrift om fartsavgrensing for det kommunale sjøområdet (sjøkart nr. 21 og 23 Hordaland). Forskrifta vart godkjent av Kystverket 22.03.18, og vert gjeldande etter at skilting er gjennomført og Kystverket har kunngjort den i Norsk Lovtidende.
Les meir.

Oppheva kokevarsel

FjellVAR opphevar kokevarsel for abonnentane på Tellnes. På måndag denne veka melde Fjellvar at det var registrert e-coli på vassprøvar i prøvepunktet deira. Nye prøvar viser at det ikkje er bakteriar i vatnet. Det viste seg at prøven på måndag var ein feilanalyse i laboratoriet.
- Det er difor ingen grunn til uro, skriv selskapet i på nettsida. FjellVAR seier seg lei for feilmeldinga som gjekk ut på tysdag.
Les meir.

 


Publisert: 06.07.2018 12:33
Sist endret: 06.07.2018 12:43