Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 34 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Opna storstova i Øygarden

Det var eit etterlengta bygg som vart offisielt opna i Øygarden på onsdag denne veka. Ordførar Børge Haugetun var tydeleg på at realiseringa av Hjeltefjorden Arena på Rong markerer ein ny æra for både noverande Øygarden kommune og den nye kommunen.
Prislappen for Hjeltefjorden Arena er 85 millionar kroner. Hallen er på 2 850 kvadratmeter.
Les meir.

Framleis vekst i folketalet

Ved utgangen juni var det registrert 25 898 innbyggjar i Fjell. Dette er 84 fleire ( + 0,33 prosent) enn ved utangen av mars. For første gong på seks kvartal har folketalet i Øygarden auka. Statistikken frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at fødselsoverskotet i Fjell andre kvartal var 65 personar, medan netto tilflytting utgjorde 19 personar.
Les meir.

Vann DAB-radio for deltaking i undersøking

Renate Angelvik frå Brattholmen deltok i ei undersøking om bustad- og bumiljø for barne- og ungdomsfamiliar og var ein av to som vann ein DAB-radio for å ha svara på undersøkinga.Tysdag ettermiddag overrekte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy radioen til vinnaren frå Fjell.
Les meir

Klipte snora for nytt idrettsanlegg på Toftøy

Det var eit stort augneblikk for Tindra Risløw og Sebastian Barmen-Johnsen då dei godt assistert av ordførar Børge Haugetun litt etter klokka 12 på tysdag fekk æra av å klippa snora under den offisielle opninga av Toftøy idrettsbane i Øygarden. På opninga var både elevar frå Toftøy skule og barn frå Toftøy barnehage på plass.
Les meir

Felles idrettsråd vil stå sterkt

Måndag kveld var 40 engasjerte idrettsfolk på plass i Hjeltefjorden Arena på felles idrettsforum for å snakka om framtida for idretten lokalt. Våren 2019 ligg det i korta at dei tre idrettsråda i Sund, Fjell og Øygarden vert slått saman til eit nytt felles idrettsråd.
Les meir

Klipp vegen trygg!

I desse dagar er det mange elevar på veg til SFO og skule. Då er det viktig at vegen er trygg. Dermed er det eit godt tips å klippa hekkar, buskar eller tre som har vakse inn mot vegen, fortauet og gang- og sykkelvegen.
Les meir.

Bestillingsbussen hausten 2018

Bussen er tilrettelagt for dei som skal delta på AKTIV+ og TREFF+, men alle som har behov for transport til og/eller frå Sotra Arena tysdagar eller Straume terminal torsdagar kan nytta dette busstilbodet.
Les meir

På epleslang ved Fjell sjukeheim

Etter ein flott sommar fekk vi sist veke smake litt på hausten. Mellom regnskurane vart ein gjeng frå fløy 4 ved Fjell sjukeheim tekne på fersken i det dei var på epleslang i hagen. Trass i at det er tidleg i innhaustinga og epla framleis er litt sure, var det semje om at eplemos og eplekake kunne ein lage.
Les meir

Besøk frå Stortinget

På onsdag var fraksjonen for Høgre i helse- og omsorgskomitéen på Stortinget besøk i Fjell. Politikarane ville mellom anna sjå lokalmedisinsk senter på Straume.
Les meir.

Ågotnes-elevar på seglas

På tysdag var 30 elevar på ro- og segletur på Ågotnes. Fjell kystlag stilte fem fartøy til disposisjon for elevane slik at dei kunne læra meir om kystkultur.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (34)

• 20.08.: Førebuande møte vedr. byvekstavtale, fylkesordføraren
              Ekstraordinært møte i HOG-Energi

• 21.08.: Møte hjå Arbeiderpartiet i Oslo

• 22.08.: Opning av Hjeltefjorden Arena

• 23.08.: Møte med hovudstyret i KS (interesseorganisasjon for kommunane)

• 24.08.: Møte om Byvekstavtalen
              Kveld: arrangement i Hjeltefjorden Arena

• 25.08.: Hjeltefjorden Arena: Det store korslaget


Publisert: 24.08.2018 08:54
Sist endret: 24.08.2018 10:43