Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 35 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Lyser ut tre kommunalsjefstillingar eksternt

Utvalet som fellesnemnda har peika ut til å tilsetja kommunalsjefar i Nye Øygarden kommune, har hatt samtalar med alle søkjarane. Det er avgjort at tre av stillingane vert lyste ut eksternt. Dei tre kommunalsjefstillingane som vert utlyste eksternt er 1) Helse og velferd, 2) Organisasjon og digitalisering og Kultur og samfunn.
Les meir.

Ønskjer å utvida næringsaktivitetane på Døsjø

Sotra Tre og Betong AS ønskjer å utvida aktivitetane på industriområdet på Døsjø. Komité for plan og utvikling vedtok på tysdag å leggja framlegg til detaljregulering for Døsjeneset ut til offentleg ettersyn. Kmitéen valde også saksordførarar til to planar; områdereguleringsplan for Nordre Bildøyna og detaljregulering for Ågotnes sentrum.
Les meir.

Markerte Verdas overdosedag

I dag, 31. august vart Verdas overdosedag
markert på MO-senteret på Straume. Fjell kommune er med i eit prosjekt som gjev senteret høve til å dela ut og gje opplæring i bruk av nasal Nalokson.
Les meir.

Varsel om vegstenging

Hjelteryggtunnelen blir stengt frå 3. - 5. september mellom kl. 22.00 og 06.00. Fjell Kommune har engasjert BKK Enotek AS til å skifte lysarmaturar i Hjelteryggtunnelen. Tunnelen vert stengd for trafikk og det blir skilta omkøyring via Rennedalsvegen.
Les meir.

Vann konkurranse for utvikling av digital plattform

I sist veke vann gründerbedrifta Milla Says, som held til i grunderparken Vest på Straume, 100 tusen kroner for å utvikla ein digital kommunikasjonsplattform. Denne plattforma skal løfta barn, unge og vaksne med manglande eller avgrensa verbal tale til å ha ein god kommunikasjon rundt seg.
Les meir.

Velkomen til temakafé

Onsdag 5. september kl. 17.00 - 19.00 vert det invitert til temakafé på Fjell Seniorsenter, 4. etg på Sartor Storsenter. Det vert teke opp aktuelle tema og byr på ulike kulturelle innslag. Velkomen innom for ein kopp kaffe og ein matbit – og samtale i eit triveleg miljø saman med andre som har lik erfaring.
Les meir.

Endeleg er musikkterapi-teamet i gang!

Fjell kommune slo nyleg på stortromma og fleska til med heile to nye musikkterapistillingar i kommunen! Med allereie eksisterande stillingar i kulturskule, og eldreomsorg, er det svært gledeleg at kommunen ynskjer å gje fleire musikkterapitilbod til eldre og menneske med utviklingshemming.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy veke 34/35

• 28.08.: After jobb: Vest Næringsråd

• 04.09.: Velkomen til nye lærlingar i Fjell kommune
              Ordførarprat på biblioteket
              PAU-møte

 


Publisert: 31.08.2018 09:31
Sist endret: 31.08.2018 09:43