Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 36 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Lyser også ut oppvekstsjefstillinga eksternt

Også stillinga som kommunalsjef for oppvekst for Nye Øygarden kommune vert lyst ut eksternt. Dermed skal alle dei fire kommunalsjefstillinga lysast ut på denne måten. Prosjektrådmann Rune Lid opplyser at stillingane vert lyst ut med det aller første. Målet er å få kommunalsjefane på plass så raskt som mogleg.
Les meir.

Ønskte velkomen til 36 nye lærlingar

Det var mange spente ungdomar samla i kultursalen på tysdag denne veka. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy var stolt over at det totalt er 80 ungdomar som har lærlingplass i Fjell. - Eg er stolt over å sjå denne flokken samla her i kultursalen. Eg håpar de får det fint ute på arbeidsplassane, sa ordføraren då ho ønskte ungdomane velkomen til Fjell kommune.
Les meir.

Føreslår å aka ramma for startlån

Rådmannen går inn for at Fjell kommune aukar rammene for startlån med 20 millionar kroner for 2018. Formannskapet tek stilling til forslaget den 11. september. Det ligg også føre sak med oppdatert informasjon om forhandlingane om byvekstavtale for bergensområdet og forslag til justering av referansegruppe.
Les meir

Førebur seg til valet i 2019

Prosjektrådmannen for Nye Øygarden kommune går inn for at det vert valt eit valstyre på ni medlemer som skal ha hovudansvaret for gjennomføringa av kommunestyrevalet i 2019. Fellesnemnda skal ta stilling til forslaget måndag den 10. september. På møtet i fellesnemnda vert det informasjon om status for arbeidet med å byggja den nye kommunen.
Les meir

Engasjerande om skulevegring

Onsdag vitja to av skandinavias største kapasitetar på skulevegring Fjell kommune. Peter Friberg og Rober Palmér kjem frå Stockholm og jobbar gjennom det private foretaket Mangelungen med elevar med skulevegring. På samlinga var sentrale personar frå ungdomskulane og PP-tenesta i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden til stades.
Les meir

Tilgjengeprisen 2018

Tilgjengeprisen er ein årleg pris som vert delt ut av Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Fjell kommune. Prisen vert delt ut på det tidspunkt rådet ser det mest tenleg.
Les meir

Kulturminnedagane i Fjell

Velkomen til miniseminar og besøk i Olavskyrkja på Fjell torsdag 13. september 2018. Arrangementet startar kl. 17.00 i Fjell kyrkje.
Les meir.

Lyser ut kommunalsjefstillingar

I dag vert stillingane som kommunalsjefar for Nye Øygarden kommune lyste ut. Søknadsfristen er 10. oktober.
Les meir

Biblioteket er stengt i neste veke.

Fjell folkeboksamling vert stengt frå 10. - 14. september 2018.Biblioteket skal merka alle bøkene med radiobrikker, for å forenkla utlån av materiale frå biblioteket. Vi må difor halda stengt frå 10. til og med 14. september.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (36)

• 04.09.: Velkomen til nye lærlingar i Fjell kommune
               Ordførarprat på biblioteket
               PAU-møte

Ordføraren neste veke (37)

  • 10.09.:  Møte i fellesnemnda Nye Øygarden kommune
                 Styremøte i Hordaland Arbeiderparti
  • 11.09.:  Møte med Ran Seilforening
                 Formannskapsmøte
  • 14.09.:  Forhandlingsmøte Byvekstavtalen

 


Publisert: 07.09.2018 09:12
Sist endret: 07.09.2018 14:15