Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

Her er rapporten for veke 36 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Milepåle for Sotrasambandet

På onsdag denne veka underteikna Statens vegvesen og BKK Nett ein avtale om arbeidsdeling og kostnadsdekning for flytting av høgspentlinje mellom Breivik og Litlesotra transformatorstasjonar. Flyttinga av høgspentlinja har ei kostnadsramme på 500 millionar kroner.
Les meir

Prosjektleiaren er i full gang

Prosjektleiar for Nye Øygarden kommune, Paul J. Manger, hadde sin første
arbeidsdag i lokala på Skjenet (Vestnyttbygget) på Straume den 1. september. Manger skal leia arbeidet med å danna ein ny kommune, samansett av Sund, Fjell og Øygarden, med verknad frå 1. januar 2020.
Les meir.

 

Rekordmange lærlingar i Fjell

Med 39 nye lærlingar hausten 2017, er det no totalt 80 ungdomar som er lærlingar i Fjell. Denne veka ønskte koordinator for lærlingane, Evelyn Persson, dei velkomen til informasjonsmøte i kultursalen. - Det er flott at kommunen kan ta inn lærlingar i mange fag. Eg er sikker på at de får nokre flotte år her i Fjell, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy då ho helsa til dei nye lærlingane.
Les meir

Skreiv under avtale om å vera Sykkel-VM-ambassadør

Under VM-samlinga på den restaurerte fjordabåten Vestgar torsdag kveld skreiv ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og den lokale syklisten Kristoffer Skjerping under avtale ein om at han skal vera VM-ambassadør. Atalen innebér mellom anna at Skjerping får 30 tusen kroner i støtte frå Fjell kommune.
Les meir.

Informasjonsblad til alle innbyggjarane

Den 11. september skal det etter planen liggja eit informasjonsblad om Sykkel-VM i alle postkassane til husstandane i Sund, Fjell og Øygarden. I dette bladet kan du lesa det meste om Sykkel-VM, særleg det som er viktig å vita for deg som bur i dei tre kommunane her vest.

Røde Kors stiller sterkt i Sykkel-VM

Du vil ikkje unngå å leggja merke til at Røde Kors stiller eit sterkt mannskap under Sykkel-VM. - I Fjell er 28 personar på plass på arrangementssonene på Ågotnes, Kolltveit og Straume både 23. og 24. september, seier korpsleiar i Sotra Røde Kors Hjelpekorps, Fredrik Mathiesen.
Les meir.

Kunstbarna i Luftskipet målar Sykkel-VM

Dei 12 faste barna som deltek i KGB kunst- og kulturformidling i Luftskipet på Straume er full av entusiasme og iver etter gjera seg klar til den store sykkelfesten. Det skal mykje til for ikkje å leggja merke til Sykkel-VM i kunstskogen like ved Temahuset når det om nokre dagar vert vist fram.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (36)

• 04.09.: Fylkesstyremøte i KS-Hordaland
              Politisk styringsgruppe i Fjell, Sykkel VM

• 05.09.: Møte med nye lærlingar i Fjell kommune
               Hovudkomitemøte for SykkelVM Bergen 2017

• 06.09.: Bergensalliansen

• 07.09.: Informasjonsmøte hos Statoil vedr. utgeiing av Co2-fangst og lagring
               Treff med innbyggjarane på Biblioteket
               Frivilligsamling SykkelVM

Ordføraren neste veke (37)

• 11.09.: Stortingsval 2017

• 13.09.: Samarbeidsmøte med næringslivet i Fjell kommune

• 14.09.: Møte med IMDI
              Ekstra representantskapsmøte i Sotra og Øygarden Brannvern

 


Publisert: 07.09.2017 23:52
Sist endret: 08.09.2017 14:52