Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 37 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Illustrasjon

Treng svar om byvekstavtale

Formannskapet i Fjell vil ha svar på fleire spørsmål knytt til byvektsavtale for bergensområdet. På møtet på tysdag vart det vedteke å redusera storleiken på ei referansegruppe som skal vera tett på forhandlingane om byvekstavtalen.
Formannskapet går også inn for at Fjell kommune aukar rammene for startlån med 20 millionar kroner for 2018. Denne ska vert avgjort i kommunestyret.
Les meir

Gav oppdatert informasjon om Nye Øygarden kommune

Det første møtet i fellesnemnda etter ferien var prega av ei rekkje orienteringar. På møtet på måndag vart det også gjort eitt politisk vedtak. Det vart valt ni medlemer til valstyre for Nye Øygarden. Valstyret får ansvaret med å gjennomføra kommunevalet i september 2019. Prosjektrådmann Rune Lid gav ei omfattande orientering om status for arbeidet med å byggja den nye kommunen. Det var også informasjon om Stimulab-prosjekt, Projectplace og ei undersøking blant innbyggjarane i dei tre kommunane i vest.
Les meir

11,6 millionar frå havbruksfondet

Fjell kommune får denne hausten utbetalt 11,6 millionar kroner frå havbruksfondet. Også nabokommunane får utbetalt store summar frå fondet. Totalt betalar fondet ut vel 2,7 milliardar kroner til om lag 160 oppdrettskommunar.
Les meir

Planar for nord/sør-vegsamband klare for høyring

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 18. september ta stilling til om planar for vegsambanda Kollveit-Ågotnes (fv 561) og Kolltveit-Sund (fv 555) skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Samla kostnad for begge vegprosjekta er førebels rekna til nærare 5,8 milliardar kroner.
Les meir

Føreslår å gje klarsignal for å utvida gravplass på Landro

Rådmannen går inn for å godkjenna kostnadsramma på 24 millionar kroner eksklusive meirverdivgift for å utvida gravplassen ved Landro kyrkje. Komité for drift og forvaltning skal behandla saka på møtet den 18. september gje innstilling til kommunestyret.
Les meir

Takka av etter teneste i Fjell i 35 år

På torsdag denne veka vart det markert at Bjørn Ove Aglen takkar av som lege i Fjell i 35 år. Han starta karrieren sin i Fjell i 1983 på legekontoret på Bildøya.
- Eg vil takka for ein strålande jobb for Fjell både som fastlege, helsestasjonslege, smittevernlege og det du har gjort for legevakta, sa helsesjef Terje Handal på markeringa der både ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, kommuneoverlege Stein-Inge Stigen og leiande helsesøster, Berit Algrøy, var til stades.
Les meir

Undersøking: Innbyggjarane er opptekne av lokal tilhøyrsle

Ei undersøking gjennomført i Sund, Fjell og Øygarden like før ferien viser at fleirtalet av innbyggjarane identifiserer seg med kyst- og strilekulturen. Eit klart fleirtal er også stolte av si lokale tilhøyrsle. Innbyggjarane er også opptekne av at den lokale bygdeidentiteten ikkje må verta svekka ved bygging av ein ny kommune.
Les meir.

Opplæring for lærlingar og rettleiarar

Dei første dagane av september har vore prega av opplæring både for lærlingar og rettleiarar. Den 4. september tok Fjell kommune imot lærlingane, og den same dagen hadde dei introduksjonskurs. Den 5. september var det kurs i brannvern, førstehjelp og ergonomi for lærlingane.
Les meir

Haustferiekurs i musikk, dans og drama

Tilbod om kurs for barn frå 4. - 7. klasse i Fjell kommune frå 8. - 12. oktober. Alternativ for dei som er for gamle for å gå på SFO. Kurs vert halde 8. – 12. oktober på Straumeklubben.
Les meir

Spansk café på Fjell sjukeheim og Straume bu- og servicesenter

Fredag 7.september blei opna med allsong for full hals til "Eviva Espana" på "Spansk café"! Med ein temperatur på over 20 grader var det nesten som i Spania. Mange cafégjestar kunne fortelje historier frå sine turar til Spania, og me fekk servert spansk tapas frå kjøkenet.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (37)

• 10.09.: Møte i fellesnemnda Nye Øygarden kommune
              Styremøte i Hordaland Arbeiderparti

• 11.09.: Møte med Ran Seilforening
              Formannskapsmøte

• 14.09.: Forhandlingsmøte Byvekstavtalen


Publisert: 14.09.2018 10:13
Sist endret: 14.09.2018 10:44