Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 38 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Sender store vegplanar til offentleg høyring

Komité for plan og utvikling (KPU) vedtok på møtet på tysdag å leggja planar for vegsambanda Kollveit-Ågotnes (fv 561) og Kolltveit-Sund (fv 555) ut til offentleg ettersyn. Samla kostnad for begge vegprosjekta er førebels rekna til nærare 5,8 milliardar kroner. KPU innstiller på at planar for Heimetun (Straume) og Straumsfjellet (Straume) vert godkjende.
Les meir.

Vil gje klarsignal for å utvida gravplass

Komité for drift og forvaltning (KDF) innstiller på å godkjenna kostnadsramma på 24 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift for å utvida gravplassen ved Landro kyrkje. Det er få gravplassar igjen på Landro gravplass, og det er difor utarbeidd ein reguleringsplan som legg til rette for 540 kistegraver og om lag 300 urnegraver. Andre saker på møtet 18.09.; økonomirapport pr. 31. august, sluttbehandling av handlingsplan for energi, miljø og klima ogtilstandsrapport for grunnskulen.
Les meir.

12 har søkt stillinga som rådmann

Det har meldt seg 12 søkjarar til stillinga som rådmann i Nye Øygarden kommune. Fire av søkjarane er kvinner.Fristen for å søkja stillinga gjekk ut 12. september. Fire av søkjarane er unnatekne offentlegheit. Seks av dei oppgjevne søkjarane kjem frå Bergen.
Les meir

Markerte Sartor Storsenter som demensvennleg kjøpesenter

På onsdag denne veka overrekte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy diplom til direktør på Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, for å markera at senteret er eit demensvennleg kjøpesenter. Ordføraren understreka kor viktig det er at det vert gjeve opplæring i å møta menneske med demens. Ho viste til at om lag 78 tusen menneske i Noreg lever med demenssjukdom. Nokre av desse bur på institusjon, andre bur heime.
Les meir

Føreslår å løyva 400 tusen til moglegheitsstudie for havbruksnæringa

Rådmannen føreslår at Fjell kommune løyver 400 tusen kroner til ein moglegheitsstudie for å sikra berekraftig havrom i Nye Øygarden kommune. Kommunestyret skal behandla saka på møtet den 27. september. Nærings- og fiskeridepartementet har delt norskekysten inn i 13 område når det gjeld produksjon av laks, aure og regnbogeaure. Sonene er delt inn i fargar, alt etter kor store konsekvensar næringa har på miljøet, mellom anna utfordringar med lakselus.
Andre saker; to reguleringsplanar, handlingspan for energi, miljø og klima, utviding av Landro gravplass og økonomirapport.
Les meir.

Kommunane skal ta stilling til framtida for Gründerparken Vest

Regionrådet Vest drøfta på måndag framtida for Gründerparken Vest. Rådet, som er samansett av dei tre ordførarane i regionen, samla seg om at det må utarbeidast eit detaljert budsjettforslag og underlag frå styringsgruppa i gründerparken for søknad om stønad frå kommunane til vidare drift. Kommunane skal vurdera eventuell økonomisk stønad til gründerparken i samband med budsjettprosessane som no går føre seg i dei tre kommunane.
Les meir.

Minneord etter Gudrun Ølnes

I sist veke fekk vi den triste meldinga om at Gudrun Ølnes var død. Gudrun Ølnes vart tilsett i Fjell kommune i 2000 og har vore knytt til Bygg- og eigedomsavdelinga, Teknisk etat og Plan- og utbyggingsavdelinga fram til ho vart sjuk i 2015. Ho var også engasjert av Teknisk etat på 1990-talet.
Les meir

Open brannstasjon i Sund og Øygarden

Laurdag 22. september inviterer Øygarden brann og redning til open brannstasjon i Skogsskiftet i Sund og Dalsneset brannstasjon i Øygarden.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (38)

• 17.09.: Regionrådet Vest
• 18.09.: Komitemøte
• 19.09.: Markering av Sartor Storsenter som eit demensvennleg kjøpesenter
• 21.09.: Gravferd
• 22.09.: 40-års jubileum Fjell Båtlag

Ordføraren neste veke (39)

• 24.09.: Møte med Sund om omsorg
              Møte med Statens vegvesen
• 25.09.: Møte med Kyrkjeleg fellesråd
• 26.09.: Styremøte i Ågotnes Næringspark
• 27.09.: Kommunestyret
• 29.09.: Vigsling


Publisert: 21.09.2018 08:46
Sist endret: 21.09.2018 09:00