Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 39 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Ill.

Gav klarsignal for utviding av gravplass

Kommunestyret godkjende på torsdag kostnadsramma på 24 millionar kroner for å utvida gravplassen ved Landro kyrkje. Det er få gravplassar igjen på Landro gravplass, og det er difor utarbeidd ein reguleringsplan som legg til rette for 540 kistegraver og om lag 300 urnegraver.
Andre saker: Løyving til moglegheitsstudie for oppdrettsnæringa, to reguleringsplanar; Heimtun (Straume) og Straumsfjellet (Straume) og godkjenning av handlingsplan for energi, miljø og klima. Plan for Heimtun vart utsett.
Les meir.

Vilde Knudtsen Indrevik skal leia ungdommens kommunestyre

Ungdommens kommunestyre (UKS) hadde sitt første møte etter ferien på tysdag denne veka og valde leiar og nestleiar. Vilde Knudtsen Indrevik vart leiar, medan Håkon Kjus Finsås vart vald til nestleiar. Møtet var prega av orienteringar og val av representantar til utval og råd.
Les meir.

Spennande gjester og tema på Øygardenkonferansen

Den 29. november vert det invitert til Øygardenkonferansen 2018. Hovudtema er «Framtidskartet vert teikna no», og mellom gjestene er statsråd Monica Mæland og ekspertkommentator Johan Kaggestad. Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland skal snakka om korleis ein kan utvikla ein attraktiv næringsregion. Johan Kaggestad stiller spørsmålet om vi har vilje og evne til å jobba systematisk med det viktigaste av det viktige.
Les meir.

Sprengjer kabeltunnelar

Som ein del av Sotrasambandet vert høgspentkablane mellom Breivik i Bergen og Litlesotra lagt om. Kablane skal gå i tunnelar og gjennom viaduktane på Sotrabrua. For tida går det føre seg sprenging av to kabel-tunnelar. I Knarrvika starta drivinga i slutten av juli, medan arbeidet i Breivik starta opp i siste delen av august. Det skal byggjast 3,4 kilometer med tunnelar. Arbeidet vil halda fram til utgangen av 2019.
Les meir.

Gjev status for administrativ organisering

Partssamansett utval (PSU) skal på møtet den 2. oktober få informasjon om status og framdrift for administrativ prosjektorganisering. På møtet vert det også orientert om ramme for mandat for prosjektleiarar og delprosjektleiarar og utkast til styringsdokument.
Les meir.

- Aktivitetsdag er kjekt!

Han storkosar seg, Elias Feten Hagenes, på aktivitetsdagen på Ågotnes denne fredagen.
I dag var 35 elevar, inklusive seks elevar frå Sotra vidaregåande skule, på plass på aktivitetsdagen på Ågotnes. Elias storkoste seg også på sykkel rundt Ågotnes idrettsbane saman med barne- og ungdomsarbeidar Ilka Erpola.
Les meir.

Ønskjer du å forstå tenåringen din betre?

Velkomen til rettleiingskurs for ungdomsforeldre! Oppstart onsdag 17. oktober kl. 16.30-18.30. Tuning in to Teens er eit forskningsbasert kurs der du som føresatt lærer å støtte tenåringen gjennom det som kan vere ei utfordrande ungdomstid. Kurset vil gå over seks onsdagskveldar med oppstart 17. oktober.
Les meir.

Milla Says fekk etablererpris i Bergen kommune

Etablererprisen i Bergen kommune gjekk dette året til Milla Says. Milla Says er ein del av Gründerparken Vest i Fjell. Aleksander Helmersberg er den første aktøren i Nye Øygarden kommune som har mottatt etablererprisen.
Les meir.

Populær ønskekonsert

Fredag 21. september var det duka for "Ønskekonserten" på Fjell sjukeheim og Straume Bu- og servicesenter! Konserten starta med "Bojarenes inntogsmarsj", som er kjenningsmelodien til radioprogrammet "Ønskekonserten". Musikkterapeutane på Fjell sjukeheim og Straume Bu- og servicesenter har laga ein eigen vri på "Ønskekonserten". Det er samla inn songønske frå bebuarar på alle avdelingane.
Les meir.

Straume terapibasseng er stengt

Bassenget har vore stengt frå 27. september og vil truleg vera stengt i ei veke grunna teknisk feil.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (39)

  • 24.09.: Møte med Sund om omsorg
                Møte med Statens vegvesen
  • 25.09.: Møte med Kyrkjeleg fellesråd
  • 26.09.: Styremøte i Ågotnes Næringspark
  • 27.09.: Kommunestyret
  • 29.09.: Vigsling

Ordføraren neste veke (40)

  • 02.10.: Partsamansett utval Nye Øygarden kommune
  • 02. – 04.10.: Reise til Marl, Tyskland
  • 05.10.: Opning av gang- og sykkeltunnel v/Straume Sjøfront

 


Publisert: 28.09.2018 14:35
Sist endret: 28.09.2018 16:59