Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 40 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Mange vert involverte i arbeidet med å byggja den nye kommunen

På møtet i partssamansett utval (PSU) på måndag gav prosjektrådmann Rune Lid oppdatering i arbeidet med den administrative prosjektorganiseringa av arbeidet med Nye Øygarden kommune. Eit viktig administrativt organ vert overordna styringsgruppe. Denne gruppa er samansett av dei tre rådmennene, fem prosjektleiarar og fem representantar for dei tillitsvalde/hovudverneomboda.
Les meir.

Ny vidaregåande skule vert plassert ved Stovevatnet

Fylkestinget vedtok på tysdag at den nye Sotra vidaregåande skule skal byggjast på tomta ved Stovevatnet i området mellom Fjell rådhus og Sartor Storsenter. Hordaland fylkeskommune skriv på heimesida at den nye skulen skal erstatta dei noverande skulebygningane på Bildøyna og i Sund.
Les meir.

Opna gang – og sykkeltunnel

Fredag føremiddag klipte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy snora for å markera den offisielle opninga av gang- og sykkeltunnelen mellom Straume Sjøfront og Sartor Storsenter. Med denne tunnelen har gåande og syklande trafikantar fått eit nytt og godt tilrettelagt tilbod på strekninga mellom Straume sentrum og Straume Sjøfront/Bildøyna.
Les meir.

Det kan verta etablert kulturråd i Nye Øygarden kommune

Onsdag kveld var 40 personar samla på kulturforum Panorama Hotell & Resort i Sund. Kulturleiarane i dei tre kommunane oppmodar kulturfolket til å etablera eit kulturråd slik til dømes idrettsfolket har organisert seg med idrettsråd. På samlinga vart det gjeve informasjon om det omfattande kultur- og idrettsengasjementet på Glesnes og om frivilligerklæringa i Sund.
Les meir.

Markerer verdsdagen for psykisk helse

«Verdensdagen for psykisk helse» vert markert med fire arrangement i Sund, Fjell og Øygarden kommunar frå måndag 15. til torsdag 18. oktober.
les meir.
Les meir.

Vaksenopplæringa i vinden

Denne veka har Vaksenopplæringa i Fjell kommune hatt vitjing av fire studentar frå studiet «Interkulturell forståing» på NLA. Studentane har samla data til oppgåva si som omhandlar norskopplæringa sin posisjon i integreringsarbeidet av innvandrar og flyktningar.
Les meir.

Straume terapibasseng er opna att

Bassenget har vore i vanleg drift frå tysdag 2. oktober.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (40)

  • 02.10.: Partsamansett utval Nye Øygarden kommune
  • 02. – 04.10.: Reise til Marl, Tyskland
  • 05.10.: Opning av gang- og sykkeltunnel v/Straume Sjøfront

 


Publisert: 05.10.2018 15:39
Sist endret: 05.10.2018 16:27