Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 41 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Startar politisk behandling av budsjettet

Tysdag den 16. oktober vert det kalla inn til budsjett- og strategiseminar for kommunestyret.
Det vert også presentasjon av ein rapport frå Telemarksforsking som omhandlar nøkkeltal og samanlikning med andre kommunar. Andre tema er årsbudsjett, økonomiplan/ investeringsprogram, handlingsprogram og status for tenesteområda. Møtet vert avslutta med ein to timar lang bolk med drøfting i plenum.
Les meir

Statsbudsjettet: 1,36 milliardar i frie inntekter til Fjell

Fjell kommune får om lag 1,36 milliardar kroner i frie inntekter i 2019. Dette går fram av framlegget til statsbudsjett som vart presentert på måndag denne veka. Dette er ein vekst 55,2 millionar kroner frå rekneskapet 2018 til 2019, tilsvarande 4,2 prosent. I statsbudsjettet er det sett av 550 millionar kroner i 2019 til rv 555 Sotrasambandet for å dekkja Statens vegvesen sine kostnader utanom OPS-kontrakten (OPS: Offentleg- privat-samarbeid).
Les meir.

Føreslår oppstart av arbeid med kommuneplan i 2020

Prosjektrådmannen for Nye Øygarden føreslår at arbeidet med ein ny kommuneplan for Nye Øygarden vert starta opp i 2020. Saka står på sakskartet til fellesnemnda den 15. oktober.
Andre saker: Styringsdokument for administrativ prosjektorganisering, oppfølging av inndelingslova og ordførarkjede for Nye Øygarden kommune.
Les meir.

Drøfta styringsdokument og mandat for prosjektgrupper

Måndag denne veka drøfta overordna styringsgruppe utkast til styringsdokument for den administrative prosjektorganiseringa. Etter drøfting og innspel frå medlemene, slutta styringsgruppa seg til styringsdokumentet. Styringsdokumentet tek utgangspunkt i intensjonsavtalen som dei tre kommunane slutta seg til i juni 2016. Vidare synleggjer dokumentet effektmål, resultatmål, suksesskriterium og korleis samanslåingsprosessen skal organiserast.
Les meir.

 


Publisert: 12.10.2018 13:27
Sist endret: 12.10.2018 13:31