Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 42 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

62 har søkt på fire kommunalsjefstillingar

Dei endelege søkjarlistene til dei fire kommunalsjefstillingane i Nye Øygarden er no klare.
62 har søkt på kommunalsjefstillingane for Helse og velferd, Oppvekst, Kultur og samfunn og Organisasjon og digitalisering. 23 av søkjarane er kvinner.
Les meir.

Krevjande budsjettsituasjon

Ordførar Marianne Sandahl ønskte på tysdag denne veka kommunestyret velkomen til budsjett- og strategisamling. - 2018 har vore eit krevjande budsjettår, sa ordføraren.
Ordføraren sa likevel at biletet ikkje er eintydig negativt. Skatteinntektene så langt er noko høgare enn budsjettert. Det er gjennomført strukturendringar som etterkvart gjev resultat.
Les meir.

Mange oppgåver skal utførast!

Prosjektrådmann Rune Lid møtte 17 hovudtillitsvalde og hovudverneombod på Skjenet på onsdag. På informasjonsmøtet var han tydeleg på at alle involverte står framfor ein kjempejobb og at det er mange oppgåver som skal utførast. Prosjektleiinga har kome eit godt steg vidare i arbeidet med å organisera det administrative arbeidet med å byggja den nye kommunen.
Les meir.

Plan for Tibben, Trengereid, klar for sluttbehandling

Rådmannen går inn for at detaljreguleringsplan for Tibben, Trengereid, vert godkjend. Dersom komité for plan og utvikling den 23.10. tilrår å godkjenna planen, går han til endeleg godkjenning i kommunestyret.
Komitéen skal behandla 14 klagesaker.
Les meir.

Vurderer oppstart av arbeidet med kommuneplanen

Fellesnemnda vedtok påmåndag å be prosjektrådmannen å leggja fram ei sak som vurderer om det er mogleg å starta opp arbeidet med grunnlaget for samfunnsdelen av kommuneplanen.
Fellesnemnda godkjende styringsdokument for administrativ prosjektorganisering. Dette dokumentet byggjer på intensjonsavtalen der visjon og målsetjingar for den nye kommunen er definerte.
Les meir.

Prioriterer godt arbeidsmiljø

Tilsette i Helsestasjon- og skulehelsetenesta i dei tre kommunane som skal slå seg saman, har hatt felles samling der ein har hatt fokus på arbeidsmiljø. Det arbeider ein solid gjeng både i Sund , Fjell og Øygarden. Hovudoppgåva vår er å driva med førebyggjande helsearbeid.
Les meir.

Julecup for seniorar

Er du klar for ein uhøgtideleg julecup i bowling og shuffleboard? TREFF+ arrangerer julecup for seniorar saman med O'Learys på Sartor Storsenter, torsdagd 29. november, torsdag 6. desember og torsdag 13. desember kl. 12.00 - 14.00 på O´Learys, Sartor Storsenter.
Les meir.

Følgjer opp tilsyn på Sotra legevakt

Fylkesmannen har gjennomført tilsyn med Sotra legevakt. Det vert konkludert med at mykje er på plass, men at det er registrert eitt lovbrot. Tilsynet viser at dei som tek imot telefonar frå folk som treng hjelp, ikkje har felles verktøy eller felles praksis for å innhenta opplysningar dei treng for å prioritera hastegrad.
Les meir.

Sjå video frå den nye gang- og sykkeltunnelen

No kan du gå og sykla tørrskodd mellom Straume Sjøfront og Sartor Storsenter på flat mark.
Her kan du sjå video der du følgjer to syklistar på den nye gang- og sykkeltunnelen mellom Straume Sjøfront/Bildøyna og Straume sentrum.
Les meir.

Knappskog skule kursa lærarar og IKT-ansvarlege

Torsdag denne veka var Monica Berntsen og Ingvild Skogestad i Sunnhordland og kursa om lag 50 ressurslærarar og IKT ansvarlege i digital undervisning. Sentralt i opplæringa var den pedagogiske tilnærminga som må endrast i ei så stor omstilling og transformasjon.
Les meir.

Øygardsgenseren – Stem på din favoritt!

Ordførarane ønskjer at den nye storkommunen – Øygarden kommune – skal få sin eigen og nydesigna strikkejakke eller genser der mønster eller fargar/strikketeknikk skal symbolisera kystkommunane her vest. Du kan stemma ved biblioteka i kommunen, eller elektronisk her innan onsdag 14. november 2018.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (42)

  • 15.10.: Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune
                Møte med leiing i BKK
                Møte i valgstyret
  • 16.10.: Budsjettkonferanse
  • 18.10.:Årsmøte i MOT
               Testing av rute 23E med Vestnytt

Ordføraren neste veke (43)

  • 23. - 24.10.: Plankonferanse - Hordaland Fylkeskommune
  • 25.10.: Havnerrådet - dagskonferane
  • 26.10.: Formøte byvekstavtale

 


Publisert: 19.10.2018 15:52
Sist endret: 19.10.2018 16:08