Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 43 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Ill.

Tilsetjing av rådmann i Nye Øygarden kommune

Fellesnemnda skal på eit ekstraordinært møte den 29. oktober behandla sak om tilsetjing av rådmann for Nye Øygarden kommune.
Les meir.

Utvidar og byggjer om Bjorøy skule

Rådmannen går inn for at Bjorøy skule vert utvida og bygd om innanfor ei kostnadsramme på 62 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Saka står på sakskartet til komité for drift og forvaltning (KDF) den 30. oktober. KDF skal også behandla budsjettet for 2018 og ei sak om utvikling av Ågotnes idrettsbane.
Les meir.

Gler seg til språkreise til Frankrike

Emilie Gjerstad i klasse 10c på Fjell ungdomsskule er ein av 31 elevar som gler seg til ein sju dagar lang studietur til Frankrike tidleg i november. Dei to klassane har fått ein unik sjanse til å praktisera fransk i ei veke etter at klassane har fått økonomisk støtte til både tur og opphald med Trollstipend frå senter for internasjonalisering av utdanning (SUI).
Les meir.

Vil gjera Ungdommens kommunestyre kjent

Ungdomspolitikarane i Fjell er opptekne av å gjera Ungdommens kommunestyre kjent. Dette var tema då UKS drøfta tiltaksplanen på møtet på tysdag.I drøftinga vart det understreka at informasjon og marknadsføring er viktig og at det må arbeidast med Facebook-sida til UKS.
Les meir.

Arbeidsverkstad for den nye kommunen: - Vi er privilegerte!

Prosjektrådmann Rune Lid peika på at medarbeidarane får vera med på noko stort då han ønskte dei 45 deltakarane på arbeidsverkstaden på Panorama Hotell & Resort i Sund velkomen på måndag. På samlinga var leiarar, hovudtillitsvalde, hovudverneombod og andre administrativt tilsette samla.
Les meir.

Korleis kan vi skapa endringsvilje?

Juridisk rådgjevar på Arbeidsmiljøsenteret, Hilde Hus Svanevik, stilte mange spørsmål då ho snakka om endring og omstilling på arbeidsverkstaden i Sund på måndag. I samtalen med deltakarane på arbeidsverkstaden kom det nokså tidleg fram at kommunikasjon og involvering er viktig for å lukkast med å byggja den nye kommunen.
Les meir.

Tilrår å godkjenna plan for Tibben, Trengereid

Komité for plan og utvikling gjekk på tysdag inn for at detaljreguleringsplan for Tibben, Trengereid, vert godkjend. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. Planområdet er på om lag 34 dekar og ligg på Trengereid. Formålet er å leggja til rette for å byggja totalt 17 bustadeiningar i form av rekkjehus og ein einebustad. I tillegg kjem infrastruktur, felles opphaldsareal ute og leikeplass.
Les meir.

Ope informasjonsmøte om helikoptertrasear

Informasjonsmøtet er tysdag 30. oktober kl. 18.00-19.30 i kultursalen på Fjell rådhus. Helikopter Avinor starta arbeidet med nye helikoptertrasear i 2016, der fokus ligg på tryggleik, miljø/støy og kapasitet knytt til helikoptertrafikken til og frå Flesland. På møtet 30. oktober vil Avinor gi ein presentasjon av bakgrunnen for endringane som det vert arbeida med, i tillegg til status og venta framdrift med omsyn til testflyging og utarbeiding av støykart.
Les meir.

Teikn til tale-kurs

Fredag 19. oktober var lærlingar i helsefag og rettleiarar og lærlingar i barne/ungdomsarbeidarfaget samla til 6 timars intensivkurs i Teikn Til Tale i Kultursalen. Teikn Til Tale blir brukt for å tydeleggjere talespråket og for å styrke samspel og språkutvikling.
Les meir.

Rein hand-premie til Svingen barnehage

Svingen barnehage vant premie for å ha delteke på undervisningsopplegget Ren hånd. Dette gjekk ut på å ha ekstra fokus på god handhygiene. Barna song vaskesong ved handvask, var vaskesjef heime, fargela virus og bakterier i ulike fasongar, lærte om korleis bakterier vert spreidde, og kvifor det er så viktig å vaska hendene.
Les meir.

Seks av ti innvandrarar i Fjell går til arbeid eller utdanning

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) presenterer no resultatet av introduksjonsprogrammet for nye innvandrarar for 2017. IMDI skriv i ei pressemeldinga at i Hordaland er det Bømlo, Fjell og Meland som er dei tre kommunane (med minst 15 deltakarar) som har fått størst del deltakarar ut i arbeid og utdanning i 2017.
Les meir.

Gler seg over framgang i TV-aksjonen

Innbyggjarane i Fjell gav 53 tusen meir i til TV-aksjonen i bøssene i år enn i fjor. Leiar av komitéen i Fjell, Eli Årdal Berland, gler seg over at det kom inn kr 403 938 kroner i bøssene til Kirkens Bymisjon.
Les meir.

Lokale løysingar kan få nasjonal nytte

Om eitt år legg Helse- og omsorgsdepartementet fram ny nasjonal helse- og sjukehusplan (2020-2023). Fredag denne veka var ein delegasjon på fem personar frå departementet i Fjell for å få informasjon om korleis helse- og omsorgsarbeidet er organisert.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (43)

  • 23. - 24.10.: Plankonferanse - Hordaland Fylkeskommune
  • 25.10.: Havnerrådet - dagskonferane
  • 26.10.: Formøte byvekstavtale

 


Publisert: 26.10.2018 16:31
Sist endret: 26.10.2018 17:07