Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 45 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Denne veka handlar det om Ågotnes

Desse dagane er det på Ågotnes det skjer. På torsdag var det høgtidleg opning av den fullførde turvegen ved Kvednavatnet. På onsdag gjekk formannskapet inn for å bruka 37 millionar kroner på opprusting av idrettsanlegget på Ågotnes.
På torsdag var det også start av oppfølginga av Visjon Ågotnes med samling i naustet til Fjell Kystlag.
Les meir.

Tillit er avgjerande for prosessen

På onsdag denne veka var fleire representantar frå fellesnemnda og rådmennene i dei tre kommunane i vest på samling for fellesnemndene i Hordaland og Sogn og fjordane. Tidlegare rådmann i Sandefjord og no kommunerådgjevar i eige firma, Gudrun Grindaker, var tydeleg på at tillit er avgjerande for heile prosessen med å byggja ein ny kommune.
Les meir.

Ønskjer å utvikla Ågotnes idrettspark

Formannskapet går inn for at det vert gjennomført ei rekkje tiltak på Ågotnes idrettspark innanfor ei kostnadsramme på 37,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Saka er ei oppfølging av kommunestyrevedtak i 2017 der rådmannen vart beden om å fremja ei sak om utvikling av idrettsanlegget. I innstillinga frå formannskapet er det føreslått å rehabilitera naturgrasbana og løpebana. På eksisterande grusbane er det føreslått å oppføra niarbane, friplass, trim- og leikepark med utstyr, flaumlys og drenering.
Les meir.

Gjester fekk sjå resultat av bustadsosialt arbeid

På onsdag denne veka fekk Fjell kommune besøk av Husbanken og to representantar frå Fylkesmannen. Husbanken har årleg møte med kommunen som er ein av 13 kommunar som er med i kommuneprogrammet til Husbanken.Regiondirektør i Husbanken Vest, Maybel Johansen, likte det ho fekk vera med på i Fjell på onsdag. Husbanken fekk mellom anna status for dei prosjekta banken og kommunen samarbeider om.
Les meir.

Store planar til behandling i komité for plan og utvikling

Rådmannen går inn for at framlegg til detaljregulering for Grønamyrsvegen, Straume, vert lagt ut til offentleg ettersyn. Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 13. november behandla saka. KPU skal også gje innstilling i saka om detaljregulering av næringsareal på Smålonane.
Les meir.

Studentar utarbeider forslagsplanar

Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell Sund og Øygarden deltek i eit pilotprosjekt der studentar utarbeider forslagsplanar. - Dette har vore lærerikt. Ikkje minst med tanke på at vi representerer ulike fagområde, seier musikkterapistudent, Astrid Østerholt, som saman med fire andre studentar har utarbeidd forslagsplanar for to deltakarar i haust.
Les meir.

Elevar og lærarar frå Tranevågen imponerte i Oslo

I samband med Deep Learning Society sin konferanse i Oslo, var Fjell kommune representerte blant anna med 4 elevar frå Tranevågen ungdomsskule. Under sine innlegg imponerte dei med sine ærlege tankar om korleis dei ser for seg at djupare læring kan skje med og hos elevane både no og i framtida.
Les meir.

Musikkterapi: Å finna samanhengar mellom musikk og helse

Musikkterapi er ei femårig mastergradsutdanning, med studieplassar i Bergen og Oslo. Utdanninga inneber eit bredt spekter emne, med hovudfokus på å sjå samanhengar mellom musikk og helse. Her inngår mellom anna psykologi og pedagogikk, fag om diagnosekunnskap, relasjon- og kommunikasjonskompetanse og fag som omhandlar læra om musikk og menneskets hjerne.
Les meir.

Fagleg nettverk for Alternativ og supplerande kommunikasjon

«Nettverket for Alternativ og supplerande kommunikasjon i barnehage» gjennomførte siste samling før jul torsdag 8. november. Vi fekk besøk av Steffen Skipenes Johnsen som er spesialpedagog på Hjelteryggen skule.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (45)

  • 06.11.: Møte med Fjell Bustadstifting
                Møte med Vest Næringsråd
  • 07.11.: Årleg møte med Husbanken
                Formannskapsmøte
  • 08.11.: Plansmie på Ågotnes
  • 10.11.: Nyopning av Ågotnes symjehall

 


Publisert: 09.11.2018 13:26
Sist endret: 09.11.2018 13:37