Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 46 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Mange saker i kommunestyret den 22. november

Kommunestyret har fleire store saker på sakskartet på møtet komande torsdag. Mellom anna skal politikarane ta stilling til utbygging av Ågotnes idrettspark og sluttbehandla fire reguleringssaker. Kommunestyret skal også ta stilling til utbygging på Bjorøy skule.
Les meir.

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Kva gjer du dersom mobilnettet ikkje fungerer, straumen vert borte i fleire dagar og det er vanskeleg å få tak i nødvendige varer? No får du få gode råd om dette. I desember sender Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) ut ein brosjyre til alle husstandane i landet med informasjon om eigenberedskap.
Les meir.

Tilrår å godkjenna plan for plasskrevjande handel og detaljvarehandel på Smålonane

Komité for plan og utvikling (KPU) gjekk på tysdag inn for å godkjenna detaljregulering for næringsareal på Smålonane på Straume. Planen legg til rette for 19 tusen kvadratmeter næringsareal til plasskrevjande – og detaljvarehandel fordelt på fire bygningar.
Les meir.

Løyver åtte tusen til Basecamp

Ungdommens kommunestyre (UKS) vedtok på tysdag å løyva åtte tusen kroner til Basecamp for å dekkja kostnader med å arrangera julebord for ungdomar. Ungdommens kommunestyre deler ut tilskot to gonger i året. UKS gav også uttale til budsjettet for 2019.
Les meir.

Føreslår å venta med å starta arbeidet med samfunnsplan

Prosjektrådmannen meiner at rapportane frå dei fem prosjektgruppene ut på nyåret kan gje viktige premissar til grunnlaget for arbeidet med ein samfunnsplan. Det går fram av innstillinga han gjev i saka som handlar om eventuell start av arbeidet med samfunnsplanen.
Les meir.

Opna rehabilitert symjebasseng

I samband med Fana Sparebank-Medley-stemnet på Ågotnes sist helg kunne ordførar Marianne Sandahl Bjorøy klippa snora for å markera den rehabiliterte symjehallen på Ågotnes for offisielt opna.
- No skal vi trena meir og symja raskare, seier Linnea Solsvik (12) i Vestkantsvømmerne som var ein av 168 deltakarar på stemnet.
Les meir.

Gratulerte Nest-Sotra med kvalikplass

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gratulerte Nest-Sotra-trenar Steffen Landro med kvalifiseringsplass i OBOS-ligaen (1. divisjon) etter kampslutt på sundag. Laget slo Åsane 1-0 i ein jamn kamp som kunne ha vippa begge vegar.
Les meir.

Ein spennande dag for innføringsklassen på Knappskog

Innføringsklassen på Knappskog skule fekk i går besøk av Sotra Villmarksenter. Elevane fekk laga sin eigen pil og boge som dei fekk bruka ute i marka ved skulen. Dei fekk og prøva øksekasting, luftgeværskyting og andre aktivitetar.
Les meir.

Tenestetilbod til flyktningar

Fjell kommune har tatt imot nærare 300 flyktningar i løpet av dei siste åra. Alle er forskjellige når det gjeld helsetilstand, skulebakgrunn og erfaringar frå heimlandet. Brosjyren «Tenestetilbod for flyktningar» gir innblikk i korleis Fjell kommune har valt å organisera samarbeidet om flyktningar som kjem til oss.
Les meir.

Folkemøte på Bjorøy

Dei 27 personane som møtte opp på folkemøtet på Bjorøyna torsdag kveld viste stort engasjement. Mange stilte spørsmål om Nye Øygarden kommune. Møteleiar Hogne Inge Tyssøy, som er nestleiar i Bjorøy og Tyssøy Velforening, gav dei frammøtte god tid til å stilla spørsmål. Det handla mellom anna om klima og miljø, trafikktryggleik, eigedomsskatt og korleis ein kan engasjera ungdom i arbeidet med å byggja den nye kommunen.
Les meir.

Tett tak på Lyngheia bufellesskap

I dag var det kranselag for Lyngheia bufellesskap. Bufellesskapet ligg solrikt til mellom Blombakkane bustader og Røde kors-huset på Straume. Etter planen er arbeidet sluttført i april. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy seier at tomta kan virka liten og trong når du går inn på området, men utnyttinga av tomta er svært god.
Les meir.

Korleis skal innbyggjarane stilla seg til oljesølet?

Etter fregatthavariet ved Stureterminalen i sist veke, er det synleg oljefilm på vatnet og i strandsona fleire stader i Øygarden. Mange lurer på korleis dei skal stilla seg til denne situasjonen. Her er informasjon og råd.
Les meir.

Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (46)

  • 12.11.: Kompensasjonsutvalget BKK
                PAU fellesnemnda Nye Øygarden kommune
  • 13.11.: Fylkesstyremøte KS
                UKS – Ungdommens kommunestyre
  • 14.11.: Besøk på ROP-huset og MO-senteret
  • 15.11.: Folkemøte på Bjorøy skule
  • 16.11.: Kranselag Lyngheia bufellesskap
  • 17.11.: Hudsflidsmesse, kåring av «kommunegenser»

Ordføraren neste veke (47)

  • 19.11: Fellesnemnda Nye Øygarden kommune
               Møte med Statens vegvesen
               Kontaktmøte med Equinor Kollsnes
  • 20.11: Fellesmøte Ungdommens kommunestyre
               Politisk arbeidsutval
              Jubileumsfest – Hørselsforeningen
  • 21.11.: Politirådsmøte
  • 22.11.: Kommunestyre
  • 23.11: Møte med HStortingsbenken, Hordaland
  • 24.11: Vigsel

Publisert: 16.11.2018 15:09
Sist endret: 16.11.2018 15:22