Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 47 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Rustar opp Ågotnes idrettspark

Kommunestyret vedtok på torsdag å gjennomføra ei rekkje tiltak på Ågotnes idrettspark innanfor ei kostnadsramme på 37,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.
Andre saker i kommunestyret: finansiering av 110-sentral, utbygging av Bjorøy skule, opprusting av Ågotnes idrettspark, fire reguleringsplanar og finansiering av Gründerparken Vest.
Les meir.

Analyse: Godshamn på Ågotnes er lønsam

Ein samfunnsøkonomisk analyse av å flytta godshamna frå Bergen sentrum til Ågotnes konkluderer med at «relokaliseringa» gjev ein netto nytteverdi på om lag 1,2 milliardar kroner. På måndag fekk fellesnemnda informasjon om planane om godshamn på Ågotnes.
Les meir.

Folketalet har passert 26 tusen

Ved utgangen av tredje kvartal var det registrert 26 015 innbyggjarar i Fjell. Dette viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Plan- og utbyggingssjefen opplyser at folketalet auka med 117 personar frå andre kvartal til tredje kvartal 2018. Av desse utgjorde fødselsoverskotet 60 personar, medan netto innflytting utgjorde 57 personar.
Les meir.

Gav råd om pensjonsløysing

Forsikringsmeklarføretaket AON Norge har på oppdrag frå prosjektrådmann utarbeid ein rapport med framlegg til kva løysing for val av pensjonsleverandør som er best for den nye kommunen. På onsdag hadde AON orienteringsmøte for tilsette i Øygarden, Sund og Fjell og gav si tilråding til pensjonsløysing. AON konkluderer med at slik saka står, heller analysen samla sett i retning av ei framleis løysing med eigen pensjonskasse.
Les meir.

- Ungdomspolitikarane må oppleva reell medverknad

På tysdag var 15 ungdomspolitikarar samla til fellessamling for ungdommens kommunestyre og ungdomsråda i dei tre kommunane i regionen. Vertskap i år var Øygarden kommune, og ungdomane let seg imponera av den nye idrettshallen Hjeltefjorden Arena der møtet vart halde.
Les meir.

Mission moon, first Lego League jr.

3.trinn- Knappskog skule har deltatt i FIRST LEGO LEAGUE jr, eit forskings- og teknologiprosjekt som introduserer barn i alderen 6-9 år til ei spanande verd av vitskap og teknologi. Årets oppgåve var Mission Moon: Korleis vil det vere å leve og bo på månen?
Les meir.

Her er Øygardsgenseren

Spenninga var stor på laurdag då Øygardsgenseren skulle kårast. Det stod mellom seks alternativ. Det var utkastet til Mary-Ann Foldnes Fiskå som no få tittelen Øygardsgenseren. Kåringa skjedde under julemessa til Sotra Husflidslag.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl denne veka (47)

  • 19.11: Fellesnemnda Nye Øygarden kommune
               Møte med Statens vegvesen
               Kontaktmøte med Equinor Kollsnes
  • 20.11: Fellesmøte Ungdommens kommunestyre
               Politisk arbeidsutval
               Jubileumsfest – Hørselsforeningen
  • 21.11.: Politirådsmøte
  • 22.11.: Kommunestyre
  • 23.11: Møte med Stortingsbenken, Hordaland
    24.11: Vigslar

Ordføraren neste veke (48)

  • 26.11 Førebuande møte om byvekstavtalen
              Arbeidsmøte mellom ordførarar/rådmenn i Nye Øygarden kommune
              Opning av turlagshuset på Fjell
  • 27.11. Møte med Statens vegvesen om grunnerverv
               Ekstra formannskapsmøte
  • 28.11 Styringsgruppemøte, byvekstavtalen
              Middag med Vest næringsråd
  • 29.11 Øygardenkonferansen
              Nominasjonsmøte Øygarden Arbeiderparti
              Årsfest Vest Næringsråd

 

 

 


Publisert: 23.11.2018 11:04
Sist endret: 23.11.2018 11:14