Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

Her er rapporten for veke 47 Her kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Vil sikra ein god samanslåingsprosess

Fellesnemnda drøfta på møtet måndag denne veka korleis ein skal sikra ein god samanslåingsprosess for Nye Øygarden kommune. I saka som prosjektleiaren presenterte for nemnda, går det fram at Nye Øygarden kommune skal arbeida etter den føreslåtte modellen; effektmål, resultatmål og suksesskriterium. Fellesnemnda vedtok å setja ned ei arbeidsgruppe som skal arbeida med identitetsbygging og samspel mellom innbyggjarane i kommunane i utviklinga av lokaldemokratiet.
Les meir.

Ønskjer avklaring om kompensasjon for tillitsvalde

På det første møtet i partsamansett utval (PSU) drøfta dei 15 medlemene partsforhold og struktur for arbeidsgruppene. PSU var samla til møte på Skjenet tysdag denne veka. Utvalet ønskjer ei oppstilling av korleis ein kan løysa utfordringa med kompensasjon for tillitsvalde som skal delta i arbeidsgruppene. Dette gjeld dei tillitsvalde som allereie er frikjøpt 100 prosent. Spørsmålet er om det kan verta nødvendig med anna type kompensasjon i tillegg til frikjøp.
Les meir.

Ungdommens kommunestyre støttar gjennomgang av skulestrukturen

Ungdommens kommunestyre (UKS) tek ikkje stilling til om nokon av skulane i Fjell bør leggjast ned eller ikkje, men då ungdomspolitikarane denne veka diskuterte budsjettet, støtta dei forslaget om å ta ein gjennomgang av skulestrukturen. UKS vedtok elles å løyva fem tusen kroner til Straumemila 2018.
Les meir.

1,5 millionar ekstra til ekspressruter Sotra-Bergen

Fylkesutvalet går inn for å setja av 1,5 millionar kroner til fleire ekspressruter mellom Sotra og Bergen. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gler seg over innstillinga.
- Vi har i haust hatt fleire møte med fylkeskommunen og særleg peika på behovet for ekspressruter mellom Sotra og Fyllingsdalen, Kokstad og Sandsli, seier ordføraren.
Les meir.

Sluttbehandlar sak om forbod mot fyrverkeri

Kommunestyret skal på møtet den 30. november ta stilling til om det skal innførast forbod mot fyrverkeri i delar av Fjell kommune. Andre saker; detaljreguleringsplan ROP- huset, Søre Bildøy (ROP: Rus- og psykiske lidingar) og oppmoding om å busetja einslege mindreårige flyktningar.
Les meir.

Overrekte Miljøfyrtårndiplom til Mester Grønn

- Mester Grønn står som eit forbilde for andre butikkkjeder gjennom det arbeidet som er lagt ned i å verta sertifisert som Miljøfyrtårn. Det sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy då ho på onsdag overrekte miljøfyrtårndiplomet til dagleg leiar i Mester Grønn i Sartorparken, Ida Nygard. Det er ikkje berre blomsterforretninga på Straume som kan titulera seg som Miljøfyrtårn. Heile butikkjeda til Mester Grønn med sine 120 forretningar og hovudkontor er sertifiserte.
Les meir.

Lanserer nytt band i serien Fjell bygdebok

Onsdag den 29. november vert det sjette bandet i serien Fjell bygdebok lansert. Dette skjer på Fjell folkeboksamling.
- Boka er på 720 sider, og dermed er dette det tjukkaste bandet i serien til no, seier forfattar Halvor Skurtveit som vonar mange finn vegen til Fjell folkeboksamling på onsdag klokka 18. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy skal stå for den offisielle bokopninga.
Les meir.

Markerete samarbeid mot svart arbeid

Dei som tok turen Sotra Arena for å sjå topp internasjonal handball for kvinner denne veka, vil møta blide representantar frå skatteetaten ved inngangen. Det handla om samarbeid mot svart økonomi. Samarbeid mot svart økonomi (SMSØ) er ein allianse mellom KS, LO, NHO, Unio, YS og Skatteetaten. Desse aktørane arbeider saman om førebygging og haldingsendringar mot svart økonomi.
Les meir.

Handballfest med stor stemning i Sotra Arena

Det var fullt hus på den første kampen i Sotra Arena torsdag kveld då Noreg møtte Sør-Korea i den første kampen i Møbelringen Cup. Til stades var også den sør-koreanske ambassadøren i Noreg.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (47)

  • 20.11.: Møte i fellesnemnda Nye Øygarden kommune
  • 21.11.: Møte i partsamansett utval
  • 22.11.: Årsmøte i MOT
                Hordaland Olje- og Gass (HOG): Framtidas leverandørindustri
                Utdeling av diplom til Mester Grønn for sertifisering som miljøfyrtårnbedrift
  • 23.11.: Møbelringen Cup, opning
  • 24.11.: Frokostseminar med Thorir Hergeirsson
  • 26.11: Siste dag av Møbelringen Cup

Ordføraren neste veke (48)

  • 27.11.: Styremøte i Regionrådet Vest
  • 29.11:  Møte i utvalet for politisk organisering (Nye Øygarden kommune)
                Lansering av Fjell sitt siste band av Fjell bygdebok
  • 30.11.: Kommunestyremøte

 


Publisert: 24.11.2017 13:48
Sist endret: 24.11.2017 14:23