Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 48 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Tre kommunalsjefar er tilsette i Nye Øygarden kommune

Tre av søkjarane i dag takka ja til å vera kommunalsjef i Nye Øygarden kommune. Line Barmen vert kommunalsjef for Helse og velferd, Anne-Merete Vabø Haugane vert kommunalsjef for Oppvekst, medan Råmund Skjold får stillinga som kommunalsjef for Kultur og samfunn.
Les meir.

Rosa regionen for handlekraft

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland rosa kommunane for handlekraft under oljekrisa, då ho var første føredragshaldar på Øygardenkonferansen på torsdag denne veka. Vel 200 deltakarar frå næringslivet, kommunane og andre aktørar er samla på Panorama Hotel & Resort.
Les meir.

Føreslår å auka satsen for eigedomsskatt

Formannskapet gjekk på onsdag inn for endra budsjettinnstillinga slik at satsen for eigedomsskatt vert auka frå to til tre promille. Kommunestyret gjer endeleg budsjettvedtak den 13. desember. Bakgrunnen for at formannskapet no endrar budsjettinnstillinga er at det i sist veke kom fram nye opplysningar om tolking av reglar om eigedomsskatt ved samanslåing av kommunar som kan kraftig reduksjon i inntektene i 2022 om ikkje satsen vert endra.
Les meir.

Behandlar budsjettet for 2019

Komité for drift og forvaltning (KDF) skal den 4. desember, gje innstilling til budsjett for 2019. Også komité for plan og utvikling (KPU) skal ha møte den 4. desember. Formann-skapet behandla budsjettet i ekstramøte i går (tysdag) og endra satsane på eigedomsskatt frå to til tre promille. Kommunestyret gjer endeleg budsjettvedtak den 13. desember.
Les meir.

Reiselivet i bergensregionen har fått nye nettsider

På Visit Bergen sine nye reiselivssider kan du lesa om kva Bergen og regionen kan by på av overnatting, mat og oppleveringar. Ifølgje Visit Bergen vil den nye nettsidene gjera det enkelt å finna arrangement utanfor Bergen sentrum. Under "Bergenskysten" finn du presentasjon av ein region som er staden for frisk og spennande opplevingar.
Les meir.

Overleverte helse- og omsorgsbygg

Nøyaktig klokka ni i går overleverte Brødrene Ulveseth lokalmedisinsk senter til Fjell kommune. Lokalmedisinsk senter (LMS) er på om lag 9 300 kvadratmeter over fire etasjar. Brødrene Ulveseth har hatt totalentreprise på prosjektet. Totalramme for prosjektet er 320 millionar kroner. Senteret vert offisielt opna i mars neste år.
Les meir.

Studietur til Rouen/Sotteville-Lés-Rouen

Frå 4 – 10. november drog franskelevene på 10. trinn fra Fjell ungdomsskule til Rouen og Sotteville. Turen vart dekt av eit stipend vi vann frå SIU/DIKU. Det var fire prosent sjanse for at vi kom til å få stipendet, men vi var dei heldige vinnarane. Totalt 30 elever og tre lærerar var med på turen.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (48)

  • 26.11 Førebuande møte om byvekstavtalen
              Arbeidsmøte mellom ordførarar/rådmenn i Nye Øygarden kommune
              Opning av turlagshuset på Fjell
  • 27.11. Møte med Statens vegvesen om grunnerverv
               Ekstra formannskapsmøte
  • 28.11 Styringsgruppemøte, byvekstavtalen
              Middag med Vest næringsråd
  • 29.11 Øygardenkonferansen
              Nominasjonsmøte Øygarden Arbeiderparti
             

Publisert: 30.11.2018 16:02
Sist endret: 30.11.2018 16:11