Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 49 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Tilrår KLP som pensjonsleverandør

Prosjektrådmannen går inn for ei forsikra løysing i KLP (Kommunal Landspensjonskasse) for dei tilsette i Nye Øygarden kommune. I dag har dei tilsette i Sund og Øygarden KLP som pensjonsleverandør, medan Fjell kommune har eigen pensjonskasse, Fjell kommunale pensjonskasse (FKP). Partssamansett utval (PSU) skal behandla saka den 11. desember, medan fellesnemnda tek endeleg avgjerd den 17. desember.
Les meir

Her er kommunalsjefen for Organisasjon og digitalisering 

Sissel Iren Nesse (50) er tilsett som kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering i Nye Øygarden kommune. Dermed er fire av kommunalsjefar for den nye kommunen avklart. Sissel Iren Nesse er i dag einingsleiar for løns- og rekneskapssenteret i Bergen kommune. Ho tek til i den nye stillinga den 7. mars.
Les meir.

Vil rehabilitera Foldnes skule

Komité for drift og forvaltning går inn for å gjennomføra rehabilitering av Foldnes skule med ei total kostnadsramme på 39,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.
Andre saker: Komitéen behandla også budsjettet for 2019 på møtet. Endringsforslaga følgjer budsjettinnstillinga. Komitéen gjekk inn for KDF går inn for at gymnastikksalen, dusjanlegget, ballbingen og leikeapparata på gamle Tellnes skule vert seld for kroner eín til Tellnes Grendalag for bruk til allmennyttige formål.
Les meir

Har evaluert planarbeid på Straume

- Kommunedelplanen for Straume (2005-2018) har vore eit styrande dokument for utviklinga på Straume. Det er ein av konklusjonane som kjem fram i ein evalueringsrapport utarbeidd av Asplan Viak. Formannskapet gjekk inn for å godkjenna den overordna heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen (kommuneROS) for Sund, Fjell og Øygarden. Formannskapet utsette sak om alkoholservering i samband med boksestemne.
Les meir.

Klart for budsjettbehandling i kommunestyret

Kommunestyret skal på møtet den 13. desember vedta budsjettet for 2019. Kommuneplanen sin handlingsdel (2019-2022) og økonomiplanen for 2019-2022) står også på sakskartet. Framlegg til driftsbudsjett for 2018 har ei ramme på 1,9 milliardar kroner. Framlegget til investeringsprogram viser ei brutto investering i 2019 på 238 millionar kroner, eksklusive 55 millionar kroner til lokalmedisinsk senter.
Les meir.

Hamnerådet vil ha godshamna på Ågotnes

Hamnerådet slår fast at Ågotnes skal vera den framtidige godshamna for bergensregionen.
- Dette er ein svært god dag for Coast Center Base og ikkje minst Fjell kommune og nye Øygarden kommune, seier ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy.
Les meir.

Godkjende endring av plan for Søre Bildøyna og Vollvika

Komité for plan og utvikling godkjende på tysdag ei mindre endring av detaljreguleringsplan for Søre Bildøyna og Vollvika. I detaljreguleringsplan for Vollvika er offentleg parkeringsplass lagt delvis over fire bustadtomter i reguleringsplan for Søre Bildøy. Reguleringsendringa vil gje ny form og sikrar tilkomst til tomtane. Det gjev også ei tettare utnytting av tomtane.
Les meir.

Informasjonshefte til alle innbyggjarane

På torsdag vil innbyggjarane i Sund, Fjell og Øygarden få eit informasjonshefte frå Nye Øygarden i postkassen. I dette heftet kan du lesa om arbeidet med å byggja den nye kommunen. Det er intervju med leiar av fellesnemnda, Børge Haugetun, og prosjektrådmann, Rune Lid, som tek over som rådmann i Nye Øygarden kommune 1. januar 2020. Det er presentasjon av Øygardsgenseren, prosjektorganiseringa, den politiske organiseringa og mykje anna.
Les meir

God skatteinngang så langt i år

Fjell kommune har fått inn 741 millionar kroner i skatt ved utgangen av november. Dette er 15,7 millionar kroner over budsjettet. Så langt har Fjell kommune fått inn 101,1 prosent av totalt budsjetterte skatteinntekter i 2018.
Les meir

Saman om ein god overgang

Fjell kommune fekk sommaren 2017 status som språkkommune. Dette innebar økonomisk og fagleg støtte til å utarbeide ein overordna strategi med ulike innsatsområde. Prosjektet er ein del av Språkløyper som er ei statleg satsing på språk, lesing og skriving i eit samarbeid mellom Utdanningsdirektoratet, lese- og skrivesenteret.
Les meir

Søk om fast treningstid i kommunale uteanlegg

Det er no tid for å søkja fast treningstid i kommunale uteanlegg. Søknadsfrist 5. januar 2019.Utleiga følgjer skuleruta, og det er såleis ikkje høve til å leiga anlegga i skuleferiane. Det kan gjerast avtale om unnatak frå denne regelen ved spesielle høve.
Les meir.

Fakturering av feiegebyr for 2018

Fjell kommune sender i desse dagar ut faktura for feiegebyr for 2018. Gebyret er eit årleg gebyr fastsett av kommunestyret og går til alle alle eigedommar med skorstein og eldstad knytt til skorsteinen.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (49)

  • 04.12.: Representantskapsmøte i Øygarden Brann og redning
                Ordførarprat på biblioteket
                Møte om reguleringsplan, Breivika
  • 05.12.: Formannskap
  • 06.12.: Seniortreff Arbeidarpartiet v/Martin Kolberg
  • 07.12.: Møte i Havnerådet

Ordføraren neste veke (50

  • 10.11.: Møte med innbyggjarane, Fjell rådhus
                Arbeidsmøte ordførarar og rådmenn
  • 11.11.: Partssamansett utval, Nye Øygarden kommune
                Integreringsutvalet
  • 12.11:. Førebuande møte om trinn 2 i rundkjøringa v/Kystbygarasjen
  • 13.11: Kommunestyremøte
  • 14.11.: Møte i forhandlingsutvalet om Byvekstavtalen
                Meklingsmøte, Fylkesmannen
                Julelunsj med CCB

Publisert: 06.12.2018 15:25
Sist endret: 07.12.2018 15:10