Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 50 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Budsjettet: Fjernar eigedomsskatt på næringseigedom

Kommunestyret vedtok torsdag kveld budsjettet for 2019. Også kommuneplanen sin handlingsdel (2019-2022) og økonomiplanen for 2019-2022) vart vedteken av kommunestyret på det siste møtet før jul. Frå 2019 vert det ikkje eigedomsskatt på næringseigedom i Fjell.
Les meir. 

Fellesnemnda kan avgjera pensjonsløysing på måndag

På møtet i fellesnemnda for Nye Øygarden kommune den 17. desember vert spørsmålet om framtidig pensjonsleverandør for dei tilsette i den nye kommunen lagt fram til endeleg avgjerd. PSU gjekk på tysdag denne veka samla inn for innstillinga frå prosjektrådmannen om forsikra løysing i KLP.
Les meir

Statens vegvesen og fylkeskommunen får Tilgjengeprisen 2018

I dag fekk Statens vegvesen, Region vest og Hordaland fylkeskommune overrekt Tilgjengeprisen 2018 frå Fjell kommune. Dei offentlege aktørane får prisen for utforminga av det nye veganlegget, fylkesveg 209, parsellen mellom Storskaret og Arefjordpollen på Litlesotra.
Les meir

Les informasjonshefte om Nye Øygarden kommune!

I sist veke fekk innbyggjarane i Sund, Fjell og Øygarden eit informasjonshefte frå Nye Øygarden i postkassen. I dette heftet kan du mellom anna lesa om arbeidet med å byggja den nye kommunen. Det er intervju med leiar av fellesnemnda, Børge Haugetun, og prosjektrådmann, Rune Lid, som tek over som rådmann i Nye Øygarden kommune 1. januar 2020.
Les meir

No kan du verta di eigen energirådgjevar

Som ei oppfølging av handlingsplan for energi, miljø og klima (2018-2020) har Fjell kommune abonnert på Energiportalen. På Energiportalen får bustadeigarar informasjon om energiforbruk knytt til eiga bustad og forslag til tiltak for å redusera energiforbruket.På ein enkel måte kan du så effekten av ulike energitiltak og sjå innsparing i energibruk og energikostnad, forventa reduksjon av CO2-utslepp og energimerke
Les meir

Generalprøve kvelden før dagen

Det var nesten fullt hus då Fjell kulturskulekor inviterte til open generalprøve i Foldnes kyrkje kvelden før Ottesong på Luciadagen tidleg torsdag morgon. Dei som ikkje var der onsdag kveld, kunne trygt stå opp litt ekstra tidleg torsdag morgon og få med seg dette. Med dirigent Åshild Eriksen i spissen fekk kulturskulekoret oss i førjulsstemning.
Les meir

Partssamansett utval tilrår forsikra løysing i KLP

Partssamansett utval (PSU) behandla på tysdag spørsmålet om framtidig pensjonsleverandør for dei tilsette i den nye kommunen. PSU gjekk samla inn for innstillinga frå prosjektrådmannen om forsikra løysing i KLP. Fellesnemnda avgjer saka måndag den 17. november. Valet står mellom eigen pensjonskasse eller forsikra løysing (i praksis KLP, Kommunal Landspensjonskasse).
Les meir

Fagtreff for fokusbarnehagar

Hordaland arrangerte fredag 30. november fagtreff for fokusbarnehagar med fleire, i kultursalen på Straume. Mignett – Migrasjonspedagogisk nettverk, er eit regionalt skuleeigarnettverk for barnehage og grunnskule, vedrørande minoritetsspråklege barn for kommunar i Hordaland.
Les meir

Lyser ut stilling som kommunalsjef for Økonomi

Nye Øygarden kommune lyser ut stillinga som kommunalsjef for Økonomi. Som kommunalsjef for økonomi vert du medlem av toppleiargruppa til og får det overordna ansvaret for økonomifunksjonen til kommunen. Du skal gjennomføra overordna økonomiplanprosessar som sikrar heilskapleg, langsiktig og tverrfagleg utvikling av kommunen.
Les meir

Treff+: Fulle rulle med julebowling for seniorane

Dei tre siste torsdagane har det vore julecup i Seniorbowling på O´Learys på Sartor Storsenter. 10 seniorar har tevla om å bli årets seniorbowlar 2018, og konkurransen var hard. Astrid Nesse utmerka seg tidleg med ein særs stødig høgrearm, og vart den suverene vinnar.
Les meir. 

Tverrprofesjonell praksis vert obligatorisk

Nå vert tverrfaglig praksis obligatorisk for endå fleire studentar ved universitetet og høgskule. No er avtalen som stadfestasr satsinga underskriven. I vår vart det kjent at TVEPS-praksis vert utvida til å vera obligatorisk for alle medisin- og helsefagstudentane i Bergen. Utvidinga skal gjelda fra høsten 2019, og nå er den nye samarbeidsavtalen offisielt underskreven.
Les meir. 

Ordførar Marianne Sandahl Bjorly denne veka (50

  • 10.11.: Møte med innbyggjarane, Fjell rådhus
                Arbeidsmøte ordførarar og rådmenn
  • 11.11.: Partssamansett utval, Nye Øygarden kommune
                Integreringsutvalet
  • 13.11:. Førebuande møte om trinn 2 i rundkjøringa v/Kystbygarasjen
               Kommunestyremøte
  • 14.11.: Møte i forhandlingsutvalet om Byvekstavtalen
                Meklingsmøte, Fylkesmannen
                Julelunsj med CCB

Ordføraren i neste veke (51)

  • 17.12.:  Fellesnemnda
  • 18.12.:   Representantskapsmøte Øygarden brann og redning
  • 19.12.:   Møte med NAV og Nye Øygarden kommune
     
                Møte med bedrifter frå CCB vedr. reguleringsplanen Kolltveit – Ågotnes
  • 20.12.:   Julekonserter i Foldnes kyrkje
  • 21.12.    Forhandlingsmøte Byvekstavtalen
     
                Vigsel





Sist endret: 14.12.2018