Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 51 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Kulturskulen fekk oss i julestemning

Det var mange medarbeidarar i Fjell kommune som hadde bruk for å setja seg ned i kyrkjebenkene i Foldnes kyrkje på torsdag. Mykje skal ordnast før jul. Då var det godt å ta seg tid til å la Fjell kulturskulekor gje oss ein variert konsert med høgt musikalsk nivå.
Les meir.

Fellesnemnda vedtok pensjonsløysing med forsikra løysing i KLP

Fellesnemnda vedtok i dag samrøystes at dei tilsette i Nye Øygarden kommune skal ha forsikra løysing i KLP. Vedtaket samsvarar med innstillinga frå prosjektrådmannen og partsamansett utval. Det vart likevel lagt til i vedtaket at det skal undersøkast om det er lovleg å gjennomføra forsikra løysing med KLP (Kommunal Landspensjonskasse) utan anbod. Prosjektrådmannen skal koma tilbake med konkrete framlegg til vedtak i dei respektive kommunestyra og orientering om vidare prosessar.
Les meir.

Gav tillitsvalde oppdatert informasjon

På onsdag gav prosjektrådmann Rune Lid 19 hovudtillitsvalde status for arbeidet med å byggja den nye kommunen.
- Det handlar om å ha eit kaldt hovud og eit varmt hjarta, sa Lid då han orienterte om skuggebudsjettet Nye Øygarden kommune. Skuggebudsjettet for den nye kommunen var eitt av mange tema prosjektrådmannen tok opp. Skuggebudsjettet er enkelt sagt ei samanstilling av budsjetta for dei tre kommunane.
Les meir.

Endring av opningstida ved NAV Fjell

Stadig fleire nyttar seg av NAV sine digitale sjølvbeteningsløysingar og/eller får bistand fra NAV Kontaktsenter til sine spørsmål. Dette har medført reduksjon i talet på drop-in møte ved NAV kontoret. På bakgrunn av denne utviklinga vil opningstida i publikumsmottaket bli endra frå 01.01.2019.
Les meir.

5 Aktiv+: Juleavslutninga fekk fart på årene

Først trening – så fest. Seniorane veit korleis dette skal gjerast. Etter ein time med trening og litt julegraut i caféen, var 147 feststemte sprekingar klar for basar og julemusikk. Tysdagane går mange av seniorane i Fjell, Sund og Øygarden mann og kvinne av huse for å vera med på trening i Sotra Arena. Ein kan velja om ein vil vera med på balansetrening med fysioterapeut, trim i sal med instruktør, eller turgruppe i Straumeparken med følgje.
Les meir.

Seniorsenteret: 10 år med open dør

Seniorsenteret er staden for den godt vaksne som likar å slå av ein prat, gjerne kombinert med ein kopp kaffi og nysteikte vaflar. I haust flytta Seniorsenteret inn i nye lokale, men dei held framleis til på Sartor Storsenter. Og hugs; det er ope på Seniorsenteret i romjula.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl denne veka (51)

  • 07.12.: Fellesnemnda
  • 08.12.: Representantskapsmøte Øygarden brann og redning
  • 09.12.: Møte med NAV og Nye Øygarden kommune
                  Møte med bedrifter frå CCB vedr. reguleringsplanen Kolltveit – Ågotnes
  • 20.12.: Julekonserter i Foldnes kyrkje
  • 21.12. Vigsel

 


Sist endret: 21.12.2018