Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 02 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Trafikkomlegging har gjeve effekt

Statens vegvesen har utarbeidd ein rapport om verknaden av trafikkomlegginga som vart gjennomført på Litlesotra frå 16. april i år. Resultatet viser mellom anna at reisetida mellom Kolltveit og Sotrabrua er redusert med mellom 10 og 50 prosent. Ut frå ei samla vurdering meiner Statens vegvesen at reguleringane som vart sette i vert i april bør vidareførast og at det ikkje er behov for å justera på reguleringane eller utføra avbøtande tiltak.
Les meir

Kommunane i vest varslar innbyggjarane med SMS
Frå 1. desember har Sund, Fjell og Øygarden teke i bruk lokasjonsbasert SMS-varsling til innbyggjarane. Varslingssystemet er web-basert. Ved å markera eit fareområde i eit kart, kan kommunane senda SMS-varsling til alle mobiltelefonane som finst (påslåtte) i det aktuelle området.
Les meir

La om trafikken ved Kystbygarasjen frå tysdag
Frå tysdag den 8. januar vart rundkøyringa ved Kystbygarasjen på Straume stengd. Sjølv om rundkøyringa vert stengd, vert det tilkomst til og frå Kystbygarasjen og Sprek og Blid via Arefjordvegen (frå/mot vest). For å sikra best mogleg trafikkflyt, vert det omkøyring via Lonavegen, Smålonane og Idrettsvegen.
Les meir

Auke i talet på elevar med nynorsk som hovudmål i Fjell
I skuleåret 2018-2019 er det reelt fleire nynorskelevar enn skuleåret 2017-2018. Det viser statistikk frå Utdanningsdirektoratet. Det er registrert auke i talet på nynorskelevar på barneskulane Brattholmen, Knappskog, Ågotnes, Skålevik og Landro. Landro skule har kraftig auke som følgje av at elevane på Misje er flytta til Landro frå august 2018.
Les meir.

500 tusen kroner til språkutviklingsprosjekt
Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har  tildelt 500 tusen kroner til Fjell kommune til eit forskingsprosjekt i regi av Milla Says. Prosjektet i Fjell det vert gjeve støtte til er «Kommunikasjon på eigne vilkår: Utvikling av digitalt samhandlingsverktøy for å støtta språkutvikling og kommunikasjon med teikn til tale».
Les meir

Dette skjedde i Fjell 2. halvår
Det har ikkje mangla på store og små hendingar i Fjell kommune det siste halvåret. Det handlar om markering av utvida skule på Landro, rådmannstilsetjing i Nye Øygarden kommune, markering av rehabilitert symjebasseng på Ågotnes, overlevering av nytt helsebygg på Straume og opning av ny gang- og sykkeltunnel mellom Straume Sjøfront og Sartor Storsenter for å nemna noko av det som har skjedd.
Les meir.

Dette skjedde i Nye Øygarden 2. halvår
I løpet av 2. halvår 2018 er det tilsett rådmann og fire kommunalsjefar i Nye Øygarden kommune. Men det har skjedd mykje meir enn dette det siste halvåret.
Les meir.

Workshop for Nye Øygarden delprosjekt Skule
Måndag 07.01.19 var det workshop for Nye Øygarden delprosjekt Skule. 100 deltakarar frå dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden var samla i kultursalen for å drøfte framtidige satsingsområde for skule, organisering av skulesektoren, «beste praksis» og lokalisering av skuleadministrasjonen i nye Øygarden kommune.
Les meir

Workshop for Nye Øygarden kommune – delprosjekt barnehage
Tysdag 08.01.19 var det workshop for Nye Øygarden – delprosjekt Barnehage. 86 deltakarar frå dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden var samla i kultursalen for å drøfte framtidige satsingsområde for barnehage, organisering av barnehagesektoren, «beste praksis» og tverrfagleg samarbeid i Nye Øygarden kommune.
Les meir.  


Sist endret: 11.01.2019