Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 03 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Klimaomstilling er nødvendig

Professor på Universitetet i Bergen, Håvard Haarstad, var tydeleg på at klimaomstilling er eit reelt vilkår for kommunalt handlingsrom då han heldt foredrag på felles kommunestyre for Sund, Fjell og Øygarden på Panorama Hotell & Resort i dag.
- I globalt perspektiv er konsekvensane likevel store. Vi er ein del av den store verda som vil oppleva klimaflyktningar og nedgang i verdsøkonomien, sa professoren.
Les meir

Forventar godt resultat for brukarane

Prosjektrådmann Rune Lid har stor tru på at arbeidet i dei fem hovudprosjekta og dei mange delprosjekta vil gje gode resultat. På måndag hadde han hadde samla nærare 60 deltakarar på arbeidsverkstad på Panorama Hotell & Resort. Innan 18. januar skal delprosjekgruppene levera inn prosjektrapporten sin, og etter behandling i hovudprosjekta vert «det heile» overlevert til prosjektrådmannen innan 28. januar.
Les meir

Få hjelp til å setja i stand kulturminnet ditt!

Gjennom Kulturminnefondet kan private eigarar få støtte til tiltak for å ta vare på verneverdige kulturminne. Også frivillige lag og foreiningar, anten dei eig kulturminna sjølv eller forvaltar dei på vegner av andre, kan søkja.
Les meir

Elevar frå 9. trinn på Fjell ungdomsskule deltok på internasjonal konferanse

Elevar frå 9. trinn på Fjell ungdomsskule var denne veka invitert til internasjonal konferanse i Stavanger med meir enn 800 deltakarar frå meir enn 40 land.Det var ein stolt delegasjon frå Fjell som saman med eit begeistra publikum fekk oppleve Sunniva Husnes, Elise Andersen og Sebastian Birkeland, saman med sin lærar Jorid Saure.
Les meir.

Utdanningsmesse i Sotra Arena

Utdanningsmessa den 15. januar var for 10. klasse ved dei ulike ungdomsskulane i heile regionen vår. På denne messa får elevane gode tips til vegen vidare innan utdanning. I går representerte lærlingane frå Fjell kommune, faga dei er lærling i. Vi har lærling i byggdrift, IKT, kontor og administrasjon, institusjonskokk, barne og ungdomsarbeidar og helsefag.
Les meir

Sotra legevakt flyttar 5. februar

Tysdag 5. februar 2019 flyttar Sotra legevakt til nye lokale i Øygarden lokalmedisinske senter. Ny adresse er Blombakkane 77, 5354 STRAUME.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (03)

  • 16.01.: Møte med kommunaldepartementet
  • 17.01.: Felles kommunestyremøte mellom Fjell, Sund og Øygarden

Ordføraren neste veke (04)

  • 21.01: Møte med pensjonistgruppe frå Sotra vidaregåande skule
  • 22.01.: Møte politisk arbeidsutval
  • 23.01.: Byvekstavtale: – politisk koordineringsmøte, Hordaland fylkeskommune
  • 24.01.: Styringsgruppemøte i Grunderparken Vest

Sist endret: 18.01.2019