Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 04 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Gode skattetal for Fjell

I 2018 fekk Fjell kommune 743,5 millionar kroner i skatteinntekter. Dette er ein nominell vekst på 5,3 prosent i forhold til året før. Oversynet frå Fylkesmannen på skatt på formue og inntekt for 2018 viser at Fjell kommune med dette fekk inn 101,5 prosent av budsjetterte skatteinntekter. Dette skjedde trass i at Fjell kommune i 2018 hadde budsjettert med ein skattevekst på 3,8 prosent i forhold til rekneskapen for 2017.
Les meir.

12 har søkt på stillinga som kommunalsjef for økonomi

Den endelege søkjarlista til stillinga som kommunalsjef for økonomi i Nye Øygarden kommune er klar. Fem av søkjarane er kvinner.
Les meir

Om to veker flyttar Sotra legevakt og Medicus helsesenter

Legevakta og Medicus helsesenter (fastlegesenter) flyttar til Øygarden lokalmedisinske senter på Straume om to veker. Legevakta og fastlegesenteret har halde til i Straume helsesenter vis a vis Fjell rådhus. Men no skal dei flytta til det flunkande nye lokalmedisinske senteret eit par hundre meter lengre nord i helselandsbyen.
Les meir.

Opptak barnehage

Fjell kommune gjennomfører samordna opptak for alle barnehagane i Fjell kommune 2019/2020. Søknadsfrist 1. mars 2019. Du kan søkja plass heile året, men det er 01. mars som er søknadsfrist til hovudopptak, og som gjeld plass frå august (event september-oktober-november for 1 åringar.)
Les meir

Vinterferiekurs i musikk, dans og drama

Tilbod om vinterferieaktivitet for barn frå 4. - 7. klasse. Alternativ til dei som er for gamle til å gå på SFO. Kurset startar måndag 25. februar og avsluttast fredag 1. mars 2019.
Les meir.

Kommunikasjon i kvardagen

Den 16. januar vart det gjennomført kurs i regi av ASK-nettverket i Fjell kommune i kultursalen på Fjell rådhus, (ASK: Alternativ og supplerande kommunikasjon). Kurset vart arrangert for familiar og personale knytt til barn i barnehagar som nyttar alternativ og supplerande kommunikasjon. Dette er tredje året kurset blir gjennomført.
Les meir

Prsenterte Knappskog skule på Stor utdanningsmesse

Ingvild Skogestad presenterte i dag Knappskog skule på verdas største teknologiske utdanningsmesse i London. På Bett-konferansen deltek over 34 tusen deltakarar frå over 131 land, og over 850 leiande innovative selskap er til stades.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (04)

  • 21.01: Møte med pensjonistgruppe frå Sotra vidaregåande skule
  • 22.01.: Møte politisk arbeidsutval
  • 23.01.: Byvekstavtale: – politisk koordineringsmøte, Hordaland fylkeskommune
  • 24.01.: Styringsgruppemøte i Grunderparken Vest

Ordføraren neste veke (05)

  • 28.01.: Møte mellom rådmenn og ordførarar i prosjektet Nye Øygarden kommune
  • 29.01.: Ungdommens kommunestyre
  • 31.01.: Møte med nettverk for petroleumskommunar
  • 01.02.: Forhandlingsmøte om byvekstavtalar

Sist endret: 25.01.2019