Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 05 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Marianne Sandahl Bjorøy overtek som leiar av fellesnemnda

Den 1. februar tok Fjell-ordførar, Marianne Sandahl Bjorøy, over vervet som leiar av fellesnemnda.
- No går vi inn den siste fasen av arbeidet med å byggja ein ny kommune. Oppgåvene er mange og krevjande, og no er det viktig at alle står saman og arbeider mot det same målet, nemleg Nye Øygarden kommune, seier Sandahl Bjorøy.
Les meir

Over 400 på Digg Læring-konferanse

Det var stuande fullt i gymnastikksalen på Knappskog skule i dag. Med 409 deltakarar på Digg Læring-konferansen er oppslutnaden dobla frå i fjor.
- Lærarane på Skålevik skule hadde lyst til dette, og alle er her. Dette er svært inspirerande, seier Bente Kleppe Lervik som inntil torsdag var rektor på Skålevik skule, men som frå fredag er konstituert rektor på Fjell ungdomsskule.
Les meir.

Føreslår at Fjell tek imot 35 flyktningar

Rådmannen går inn for at Fjell kommune buset 35 flyktningar i 2019 der tre av plassane vert sette av til einslege mindreårige som kjem til landet utan føresette. Komité for drift og forvaltning (KDF) behandlar saka på møtet den 5. februar.
Andre saker: Oversikt over sals- og skjenkeløyve i Fjell kommune og gjennomførte kontrollar i 2018 og nasjonal tilskotsordning om inkludering av barn i låginntektsfamiliar, prioritering av søknader.
Les meir.

Plan for Heimtun på Straume klar for sluttbehandling

Rådmannen går inn for å godkjenna detaljreguleringsplan for Heimtun på Straume. Komité for plan og utvikling tek stilling til saka på møtet den 5. februar. Planen omfattar utbygging av inntil 73 bustader i blokker og eventuelt rekkjehus. Komitéen skal behandla 11 klagesaker.
Les meir. 

Skal gje uttale til rapportar og utgreiingar om transport

Formannskapet skal på møtet den 6. februar gje uttale til rapporten «Byutredning Bergen trinn 2» og silingsrapport for system og korridorval for kollektivtrafikksystemet og korridoren Bergen sentrum - Bergen vest.
Les meir.

Ønskjer meir kunnskap om skulevegring

Kommunepsykologane i Fjell ønskjer å gjennomføra fokusgruppeintervju med elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule om skulevegring og kvifor fleire unge fell utanfor skule og arbeidsliv. Kommunepsykolog Gjertrud Ekerhovd presenterte planane om gruppeintervju for ungdommens kommunestyre (UKS) på tysdag.
Les meir.

Får rettleiing i utvikling av kulturskulen

Fjell kommune er eín av 58 kommunar som har fått tilbod om rettleiing i kulturskuleutvikling frå rettleiarkorpset til Norsk kulturskulråd. Utviklingsprogrammet går fram til juni 2020. I går vart første rettleiingsmøte gjennomført. Formålet med rettleiinga er i hjelpa kulturskuleeigaren og kulturskulen med å etablera eit kontinuerleg utviklingsarbeid i samsvar med rammeplanen for kulturskulen.
Les meir

No er sluttrapportane for den nye kommunen publiserte

Rapportane frå dei fem hovudprosjekta og dei om lag 35 delprosjektrapportane er no publiserte. Den 28. januar leverte dei fem hovudprosjekta sluttrapportane sine etter konseptfasen, mellom anna basert på sluttrapportar frå oppretta delprosjekt.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (05)

  • 29.01.: Møte mellom rådmenn og ordførarar i prosjektet Nye Øygarden kommune
  • 30.01.: Ungdommens kommunestyre
  • 31.01.: Møte med nettverk for petroleumskommunar
  • 01.02.: Forhandlingsmøte om byvekstavtalar

Ordføraren neste veke (06)

  • 04.02.: Møte med Vestland Fylkeskommune
  • 05.02.: Fylkesstyremøte i KS Hordaland
                Fylkesmøte i KS Hordaland
                Komitémøte
  • 06.02.: Formannskapsmøte

Sist endret: 01.02.2019