Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 6 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Fylkesreforma: Optimistisk fylkesordførar

Måndag kveld var rundt hundre personar samla på eitt av flaggskipa til fylkeskommunen, Amalie Skram videregående skole. Arbeidsutvalet til fellesnemnda for nye Vestland fylke hadde invitert til ope møte. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun var optimistisk og takka for alle innspela i møtet då ho summerte opp møtet.
Les meir.

Nødvendig med stram økonomisk prioritering

Fellesnemnda skal på møtet den 11. februar gje uttale til budsjett og økonomiplan for dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden. Prosjektrådmannen meiner at det samla driftsbudsjettet for 2019 er svekka samanlikna med tidlegare år som følgje av eingongstiltak og store investeringar.
Les meir.

Gav uttale til rapport og utgreiing om transport

Formannskapet slutta denne veka seg til utgreiinga til rådmannen som omhandla rapporten «Byutredning Bergen trinn 2». Denne rapporten skal inngå i grunnlaget for Nasjonal transportplan 2022-2033. Formannskapet vedtok også at utgreiinga om ein silingsrapport knytt til kollektivtrafikksystemet skal vera høyringsuttalen frå Fjell kommune.
Les meir.

Brattholmen skule ønskjer elevane frå Liljevatnet skule velkomen til neste skuleår

Rektor Dagfinn Ellingsen på Liljevatnet skule og rektor på Brattholmen skule, Anja Bøe Solli, samarbeider tett i desse dagar. Konsekvensen av kommunestyrevedtaket i mai 2018 om å leggja ned Liljevatnet skule er at elevane på Liljevatnet skule skal gå på Brattholmen skule frå neste skuleår av.Dei to skulane arbeider no med å leggja til rette for at elevane på Liljevatnet skule vert overførte på ein trygg og god måte til Brattholmen skule.
Les meir.

Tilrår plan for Heimtun på Straume klar for sluttbehandling

Komité for plan og utvikling (KPU) gjekk på møtet tysdag kveld inn for at detaljreguleringsplan for Heimtun på Straume vert godkjend. Planen går til endeleg behandling i kommunestyret.
Andre saker: Plan for Maimtra (Brattholmen) og 11 klagesaker.
Les meir.

Innstiller på at Fjell tek imot 35 flyktningar

Komité for drift og forvaltning går inn for at Fjell kommune buset 35 flyktningar i 2019 der tre av plassane vert sette av til einslege mindreårige. Kommunestyret tek endeleg avgjerd i saka.Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har bedt Fjell kommune om å ta imot 35 flyktningar dette året. I brevet som kommunen fekk i desember, går det fram at det er venta at Noreg vil ta imot 5 350 flyktningar neste år, inkludert 150 einslege mindreårige.
Les meir.

Flytta inn i Øygarden lokalmedisinske senter

Denne veka har Sotra legevakt og Medicus legesenter flytta inn i det nye lokalmedisinske senteret på Straume. Også dialysesenteret i regi av Helse Bergen er teke i bruk i det nye senteret. Ny adresse er Blombakkane 77, 5354 STRAUME.
Les meir.

Endring av adressenamn i «Nye Øygarden kommune»

I samband med endring av adressenamn i «Nye Øygarden kommune» vert dei nye aktuelle adressenamna, som Stadnamntenesta på Vestlandet har tilrådd, lagt ut på høyring.Forslag til nye namn på desse vegane finn du på nettsida til kommunane under kunngjeringar. Du kan også venda deg til servicekontoret i kommunen. Merknader skal sendast til den aktuelle kommunen.
Les meir.

Språkutviklinga til fleirspråklege barn

Den 1. februar var det plandag for alle barnehagane i Fjell kommune. Nærare 400 barnehagetilsette deltok på eit engasjerande og lærerikt foredrag om språkutviklinga til fleirspråklege barn. Barnehagesjef Margun Landro opna med å understreka at det har mykje å seia at ein har eit godt og systematisk språkarbeid i barnehagane.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (06)

  • 04.02.: Møte med Vestland Fylkeskommune
  • 05.02.: Fylkesstyremøte i KS Hordaland
                Fylkesmøte i KS Hordaland
                Komitémøte
  • 06.02.: Formannskapsmøte

Ordføraren neste veke (07)

  • 11.02.: Fellesnemnd, Nye Øygarden kommune
                Regionrådsmøte
  • 12.02.: Ordførarprat på biblioteket
                Møte med Norsk Folkehjelp
  • 13.02.: Integreringskonferanse
  • 14.02.: Møte med Bergen Havn
                Møte i utval for politisk styringsstuktur
                Møte i forhandlingsutvalet om byvekstavtale
  • 15.02.: Idrettsgalla

Sist endret: 08.02.2019