Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 7 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

No kan du kjøpa mønsteret til Øygardsgenseren

I samarbeid med Hillesvåg Ullvarefabrikk er det utarbeidd mønster til Øygardsgenseren. No er tida inne for å finna fram strikketøyet. Det er utarbeidd mønster til Øygardsgenseren, og både mønster og garnpakkar er til sals. Komande veke er det også strikkekafé på biblioteka på Straume, 
Les meir.

Fjell kjem godt ut i test til Forbrukerrådet

Forbrukerrådet har testa kor gode kommunane er til å hjelpa folk som har spørsmål om ulike kommunale tenester. For testen i 2019 kjem Fjell på 11. plass på landsbasis og som nummer to i Hordaland etter Bergen.
Les meir

Kommunestyret tek stilling til mottak av flyktningar

Kommunestyret skal på møtet den 21. februar ta stilling til om Fjell kommune skal busetja 35 flyktningar slik Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har bedt om. Komité for drift og forvaltning har gått inn for at Fjell kommune buset 35 flyktningar i 2019 der tre av plassane vert sette av til einslege mindreårige.
Andre saker i kommunestyret den 21. februar; Detaljregulering for Heimtun, Straume og detaljregulering for næringsareal på Smålonane.
Les meir.

Fellesnemnda: Eingongstiltak og store investeringar gjev svekka driftsbudsjett

Samla driftsbudsjett for dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden for 2019 er svekka samanlikna med tidlegare år som følgje av eingongstiltak og store investeringar. Det går fram av uttalen fellesnemnda for Nye Øygarden kommune vedtok på møtet på måndag.
Andre saker: Orientering om administrativ organisering og avklaringar før val av leverandør av renovasjonstenester.
Les meir

Prioriterte mellom søknader om skjønsmidlar

Regionrådet vest prioriterte på møtet på måndag denne veka mellom fire søknader om skjønsmidlar frå Fylkesmannen for 2019. Totalt vert det søkt om 7,1 millionar kroner. Regionrådet har plassert «Rehabilitering først» øvst på lista over prioriteringar. Dette vert grunngjeve med at dette er eit nybrottsarbeid i eit komplekst felt i endring og utvikling. Målet med prosjektet er å utvikla eit innovativt rehabiliteringstilbod på Øygarden lokalmedisinske senter.
Les meir

Gav status for arbeidet med den administrative organiseringa

På fredag i sist veke gav prosjektrådmann Rune Lid dei hovudtillitsvalde og hovudverneomboda i dei tre kommunane status for arbeidet med den administrative organiseringa. Det er eit stramt løp fram til behandlinga i fellesnemnda den 11. mars.
- Eg takkar for det gode arbeidet som er gjort. Dette er eit godt grunnlag for det vidare arbeidet, sa Rune Lid.
Les meir

Fagdag for andreårslærlingar

Tysdag denne veka vart det arrangert fagdag i kultursalen i Fjell rådhus. Ettersom dei tre kommunane dannar ny kommune frå nyttår av, var dette siste gongen det vart arrangert samling for lærlingane som skal ta fagprøve i Fjell kommune.
Les meir

Knappskog fekk besøk frå Kroatia

Knappskog skule fekk på onsdag denne veka besøk av ein delegasjon med utdanningstoppar frå Kroatia. Dei er i Noreg i samband med eit utdanningsprosjekt i regi av DIKU, som har ansvar for å forvalta EØS-midlar på vegner av Kunnskapsdepartementet. Med i delegasjonen var representantar frå skulesystemet i Kroatia samt den kroatiske ambassaden i Noreg.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (07)

  • 11.02.: Fellesnemnd, Nye Øygarden kommune
                Regionrådsmøte
  • 12.02.: Ordførarprat på biblioteket
                Møte med Norsk Folkehjelp
  • 13.02.: Integreringskonferanse
  • 14.02.: Møte med Bergen Havn
                Møte i utval for politisk styringsstuktur
                Møte i forhandlingsutvalet om byvekstavtale
  • 15.02.: Idrettsgalla

Ordføraren neste veke (08)

  • 19.02.: Møte i politisk arbeidsutval

  • 20.02.: Møte i Hamnerådet
                Møte med Fjell Turlag

  • 21.02.: Februartreff Vest Næringsråd
                Kommunestyret 22.02.19               


Sist endret: 15.02.2019