Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 01 (2018) kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Ordføraren snakka om satsing på lærlingordninga

På nyttårsmøtet til fylkesordføraren i går hadde Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy innleiing om den strategiske satsinga på lærlingordninga i Fjell. Fjell kommune har i mange år teke imot om lag 40 lærlingar kvart år. Då nedgangstidene i oljesektoren vart svært synlege, erfarte Fjell kommune at næringslivet reserverte seg noko mot å ta imot lærlingar. eva av, sa ordføraren.
Les meir.

Lillian Torsvik konstituert som rådmann

Rådmann Steinar Nesse er sjukemeld, og servicetorgsjef Lillian Torsvik er konstituert som rådmann i Fjell kommune. Steinar Nesse vart før jul lagt inn på sjukehus for lettare hjartesvikt. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy opplyser at han framleis er på sjukehus, men at tilstanden er vorte betre.
Les meir.

Invitasjon til Festforestilling for frivillige

Velkomen til årets Frivilligfest torsdag 25. januar. Nora Oleanne vil ta oss med inn i operaens verden. Festen vert torsdag 25. januar kl. 18.00 - 19.30 i kultursalen på Fjell rådhus. Dei som set «farge» på kvelden er mellom anna ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, Kenneth Bruvik og operasongar Nora Oleanne Sårheim.
Les meir.

Har du barn?

På samlesida fjell.kommune.no/har-du-barn finn du viktige tilbod for alle som har barn i Fjell. Sida skal gi ei lett forståeleg oversikt over tilbod som finst i kommunen, frå barnehageplass og skuleskyss til fritids- og aktivitetstilbod. Oversikta er meint for alle foreldre uansett økonomi og livssituasjon.
Les meir.

Bli med på Bli Sprekare kurs!

Dette er perfekt for deg som ønskjer å kome i gong med styrketrening og kondisjonstrening. Bli med! Morosam sirkeltrening kor me arbeidar med effektive og intensive øvingar som gir puls! Aktivitetsleiaren følgjer deg tett og pusher deg det lille ekstra utifrå ditt nivå. Lite og ukomplisert utstyr, samt eigen kroppsvekt nyttast som belastning.
Les meir.

Føreslår å starta arbeidet med reglement og lønspolitikk

Prosjektleiar for Nye Øygarden kommune føreslår at det vert oppnemnd tre arbeidsgrupper innan området arbeidsgjevarpolitikk. Dei tre arbeidsgruppene gjeld reglement og lønspolitikk, arbeidsgruppe for partssamarbeid og arbeidsgruppe for kompetanse og utvikling. Partssamansett utval (PSU) behandlar saka på møtet onsdag den 10. januar.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy neste veke (02)

  • 08.01.: Ordførarsamling på Stortinget
  • 09.01.: Bergenskonferansen: debatt
  • 10.01.: Partsamansett utval
  • 11.01.: Omvising – prosjektleiar/ordførarar
                Møte i politisk organisasjonsutval
  • 12.01.: Toppleiarsamling – Helse Bergen

 


Publisert: 05.01.2018 14:06
Sist endret: 05.01.2018 14:13