Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 8 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Vil godkjenna detaljregulering for næringsareal på Smålonane

Kommunestyret vedtok på torsdag samrøystes å godkjenna detaljregulering for næringsareal på Smålonane på Straume med dei endringane som kjem fram av saka. Som følgje av at Fylkesmannen og fylkeskommunen har kome med motsegn til planane, går planen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd. Elles vedtok kommunestyret at Fjell kommune skal ta imot 35 flyktningar i 2019.
Les meir

Drøfta framtida for regionråda

Leiar av Regionrådet Vest, Kari-Anne Landro (ordførar i Sund) og ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, deltok på eit erfaringsseminar i Førde den 15. februar. Temaet var grunnlaget for utvikling av regionråda. Kari-Anne Landro var ein av fleire leiarar av regionråd som hadde innlegg på vegner av regionråda.
Les meir.

Stor interesse for å strikka Øygardsgenseren

Det var godt oppmøte på den første strikkekaféen der Øygardsgenseren var det store temaet. Leiar i fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy, er oppglødd etter kafébesøk med prat og strikking på Fjell folkeboksamling tysdag ettermiddag. På onsdag var det strikkekafé i Sund, medan det var invitert til strikkekafé i Øygarden på torsdag.
Les meir.

Her kan du sjå forteljinga om Straume sentrum

Like før jul vart evalueringa av kommunedelplan for Straume (2. utkast) presentert. I samband med dette har Asplan Viak på oppdrag frå Fjell og Bergen kommunar laga ei visuell kartforteljing om utviklinga av Straume sentrum frå kjøpesenter til by.
- No har du høve til å følgja utviklinga av det som har skjedd i Straume sentrum sidan 2006, seier arealplanleggjar hjå Plan- og eigedomssjefen, Lisbeth Selstø.
Les meir. 

Sotrasambandet: Borer hol ned til kabeltunnelane

Arbeidet med kablinga av høgspentlinjene mellom Breivik i Bergen og Litlesotra er godt i gang. Det vert no bore 10 meter djupe hol ned til kabeltunnelane for rv Sotrasambandet. Statens vegvesen skriv på vegvesen.no at dei ni høgspentkabalane skal skøytast saman på fire punkt mellom Breivik og trafostasjonen på Litlesotra.
Les meir. 

Begeistring for nynorsk

Onsdag kveld vart nynorskprosjektet «Stolt av eige språk» presentert for målfolk, skulefolk og dei leiande politikarane i Lindås, Radøy og Meland.
- I har late meg begeistra i kveld, sa Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes, til dei 50 frammøtte på biblioteket i Knarvik.
Les meir.

Markert som dysleksivennleg skule

Det var høgtidleg stemning i gymnastikksalen på Knappskog skule då skulen blei markert som dysleksivenleg skule i dag. Dysleksi Norge var til stades på markeringa og skulen fekk ein fin plakett som viser at skulen er sertifisert. Det var Ruben Haga Sulen og Oliver Galteland som tok imot plaketten som blei delt ut av Åsne Midtbø Aas i Dysleksi Norge.
Les meir. 

Vi vil byggja sikringskultur!

- Eg vil også sjå! ropar elevane i kor, medan dei står i kø for å koma opp i ei hytte til ei stor og gul gravemaskin. Ein etter ein får koma opp for å ta i spakane og sjå kor annleis utsikta er samanlikna med å sitja i ein personbil. For to veker sidan var det trafikksikring i fokus på Danielsen skule.
Les meir

- Eg er ikkje dum, eg må berre jobba meir!

I dag stod Tord Berntsen i klasse 9d på talarstolen i kantina på Fjell ungdomsskule. Det kosta nok litt å fortelja historia si, men det var også ein siger å få gjort det. Vi er på Ted-taletid for fire niandeklassar. Nokre av dei 19 talarane tek opp tema dei er opptekne av. Andre fortel sine eigne sterke historier.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (08)

  • 19.02.: Strikkekafé på Fjell folkeboksamling
  • 20.02.: Møte i Hamnerådet
                Strikkekafé på biblioteket i Sund 
                Møte med Fjell Turlag
  • 21.02.: Kommunestyreøte

Sist endret: 22.02.2019