Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 9 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Presenterte høyringsdokument om administrativ organisering nivå to

Onsdag denne veka presenterte prosjektrådmannen høyringsdokumentet for administrativ organisering på nivå to. Høyringsinnspel må sendast inn innan måndag 4. mars klokka 12.00. Høyringsdokumentet baserer seg på eit omfattande arbeid med brei involvering i fem hovudporsjekt og 35 delprosjekt.
Les meir.

Formannskapet drøfta utbyggingsavtalar

Seniorplanleggjar i Asplan Viak, Erik Plathe, var tydeleg på at utbyggingsavtalar er eit flott tilbod for utbyggjar. Han sa dette då formannskapet på onsdag hadde arbeidsmøte med nettopp utbyggingsavtalar som tema. Også representantar frå utbyggjarar var til stades på møtet. Målet med møtet var å drøfta kva moglegheiter og utfordringar som ligg i bruk av utbyggingsavtalar.
Les meir.

Planar for Grønamyrvegen (Straume) og Valderhaugane (Ågotnes) klare for sluttbehandling

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 5. mars ta stilling til to detaljreguleringsplanar som er klare for sluttbehandling. Planen for Grønamyrvegen (S-C-I) omfattar eit 25 dekar stort område sentralt på Straume, aust for Grønamyrvegen. Intensjonen med planforslaget er å skapa eit attraktivt område med blanda funksjonar.
Les meir.

Begeistring på premiere av video for Treff+

Det var duka for premiere med skodespelarane til stades på Seniorsenteret på Sartor Storsenter i dag. Denne dagen var Sella Tellnes og Aslaug Telle mest i fokus. Høgdepunktet var då den fire minutt lange videoen om Treff+ vart presentert for første gong. Det handla om aktivitetar på senteret og bestillingsbussen som vert flittig brukt av godt vaksne innbyggjarar i Fjell.
Les meir. 

Tre-årsmarkering for MO-senteret

På fredag vart det markert at det er tre år sidan MO-senteret på Straume vart opna. Dette er eit mottak- og oppfølgingssenter for personar som er knytt til rus.
Les meir.

Ny turveg teken i bruk på Søre Bildøyna

På torsdag i sist veke vart den nye turvegen mellom Vollvika på Søre Bildøyna og Bildøyvegen teken i bruk. Fire-fem hundre meter med ny turveg har gjort det lettare for dei turgåande å ta seg fram i området. Den nye turvegen går frå badeplassen i Vollvika til Bildøyvegen 150 meter aust for Sotra Cementvarefabrikk.
Les meir.

Framleis sterk folkevekst i Fjell

Ved utgangen av 2018 var det 26 166 innbyggjarar i Fjell. Folkeveksten i fjor var på 441 personar (1,71 prosent). Dette viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. Folkeveksten er noko svakare i 2018 enn året før då innbyggjartalet auka med 521 personar (2,1 prosent). Likevel må ein folkevekst i 2018 på 1,71 prosent reknast som sterk samanlikna med heile landet (0,6 prosent) og til dømes kommunar som Bergen (0,5 prosent) og Askøy (0,7 prosent).
Les meir.

Kurs: Livet i bevegelse

Friskliv- og meistringssenteret inviterer til Livet i bevegelse kurs våren 2019. Livet i bevegelse - få tru på eigne ressursar for å skape gode kvardagar. Kurset er for deg over 18 år som har kronisk sjukdom, nedsett funksjonsevne og/eller kroniske psykiske eller fysiske belatningar. Pårørande kan òg delta.
Les meir.

Besøk energimessa på Sartor Storsenter

Onsdag 13. og torsdag 14.mars er det duka for årets energimesse på Sartor senter. Det blir den fjerde i rekka i sin noverande form, og tanken bak messa er at elevane i regionen skal få vise fram innovative og framtidsretta prosjekt som dei har arbeidd med på skulen.
Les meir.


Sist endret: 01.03.2019