Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 10 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Prosjektrådmannen la fram sak om administrativ organisering

Tysdag denne veka la prosjektrådmannen fram framlegg til administrativ organisering nivå eín og to. Han rår både partssamansett utval (PSU) og fellesnemnda, som har saka på bordet måndag den 11. mars, til å ta saka til orientering. I saksutgreiinga går det fram at prosjektrådmannen har gjort nokre endringar i forhold til høyringsdokumentet basert på innkomne høyringsuttalar.
Les meir

Tilrår planar for Grønamyrvegen (Straume) og Valderhaugane (Ågotnes)

Komité for plan og utvikling (KPU) gjekk denne veka inn for at kommunestyret godkjenner detaljreguleringsplan for Grønamyrvegen på Straume og Valderhaugane på Ågotnes. Planen for Grønamyrvegen (S-C-I) omfattar eit 25 dekar stort område sentralt på Straume, aust for Grønamyrvegen. Intensjonen med planforslaget er å skapa eit attraktivt område med blanda funksjonar. Det skal vera eit viktig bidrag til vidareutvikling av regionsenteret Straume. Komitéen rår også til at kommunestyret godkjenner plan for Valderhaugane, Ågotnes.
Les meir.

Fjell vert Kulturbarn-kommune

Fjell vert ein av seks Kulturbarn-kommunar i landet. 42 kommunar hadde søkt om å verta med i prosjektet. Kulturbarn 0-8 er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturtanken, Norsk kulturskuleråd og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Målet er å oppnå samarbeid internt i kommunane og finna måtar for å bruka kunst- og kulturfagleg kompetanse på tvers av institusjonane. Totalt vart det levert 32 søknader frå 42 nåverande kommunar. Nokre kommunar skal slå seg saman frå 1. januar 2020. Fjell kommune er ein av desse.
Les meir

Fekk mykje støtte for arbeidet med administrativ organisering

Partssamansett utval (PSU) behandla i dag prosjektrådmannen sitt forslag til administrativ organisering av Nye Øygarden kommune. Prosjektrådmannen fekk brei støtte frå politikarane for framlegget til den framtidige organiseringa av den nye kommunen. PSU vedtok med åtte røyster ved å visa til sak i fellesnemnda av 18. juni i fjor der det vart gjeve fullmakt til prosjektrådmannen med å byggja opp organisasjonen i samsvar med måla i intensjonsavtalen og andre vedtak i fellesnemnda.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (10)

  • 05.03.:  Eigarmøte i Gode Sirklar
                 Ordførarprat på biblioteket
                 Møte i komité for pan og utvikling
  • 06.03:   Synfaring med Kommunaldepartementet på Tveita
                 Forhandlingsmøte om byvekstavtalar
  • 07.03.:  Møte i Oslo
  • 08.03.:  Partssamansett utval,  Nye Øygarden kommune
  • 08.03.- 10.03.: Idrettscruise med Hordaland Idrettskrets til Danmark

Ordføraren neste veke (11)

  • 11.03.:  Fellesnemnda
  • 12.03.:  Møte i Oslo
  • 13.03.:  Møte med utval for miljø og samferdsle i Hordaland fylkeskommune om fylkesvei 561
                 Åpning av energimessa
  • 14.03.:  Marstreff med Vest Næringsråd

Sist endret: 08.03.2019