Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 11 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Brei semje om administrativ organisering

Prosjektrådmann Rune Lid hausta mykje ros då saka om administrativ organisering av Nye Øygarden kommune stod på sakskartet i fellesnemnda i dag. Fellesnemnda drøfta dokumentet «Organisering av Nye Øygarden kommune» og tok utgreiinga til orientering. I vedtaket heiter det også at prosjektrådmannen vert beden om å sikra framdrift i det vidare arbeidet med etablering av Nye Øygarden kommune.
Les meir

Kreative elevar på Energimessa

Det var mykje kreativitet å sjå på Energimessa 2019 på Sartor Storsenter i dag. Filip Bland Berger i 7a på Hjelteryggen skule viste oss korleis vindkrafta kan gjer fart på bilen rundt bana.På onsdag var det offisiell opning av messa. Dei besøkande på standen til Filip og medelevane hans måtte blåsa inn mot vindmølla. Energien vart så transformert til bilane som fekk ganske stor fart rundt bana.
Les meir. 

Tryggleiksbrot funne i bookingløysning

Torsdag 7. mars vart Bergen, Stavanger, Ålesund og Fjell kommunar varsla om eit tryggleiksbrot i bestillingsløysninga «Aktiv by». Feilen vart retta umiddelbart. Den gjeld ikkje sensitive personopplysingar. Datatilsynet er varsla om hendinga. Kommunen vart kjend med avviket etter at sårbarheita vart oppdaga av ein privat tryggleiksekspert. Vedkommande varsla nasjonal datasikkerhetsmyndighet, NorCERT, som igjen varsla kommunane som vart ramma.
Les meir. 

Engasjerte ungdomspolitikarar på fellesmøte

På tysdag var ungdommens kommunestyre i Fjell og ungdomsråda i Sund og Øyagrden samla til felles møte i Fjell. Det handla mellom anna om mobbing, nettbruk, digitalisering, digital kompetanse og sykkelsatsing. Leiar av komité for drift og forvaltning (KDF) i Fjell, Ernst Einarsen, snakka om mobbing og korleis bruk av miljøterapeutar kan vera eit verkemiddel for å redusera mobbinga.
Les meir. 

Her er kommunalsjefen for Økonomi

Anne Erdal (54) er tilsett som kommunalsjef for Økonomi i Nye Øygarden kommune. Erdal kjem frå stillinga som kommunalsjef økonomi i Ullensvang herad og bur i Odda. Før det var ho økonomisjef i Odda kommune i 11 år. Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole.
Les meir. 

Her er mange tilbod om å verta sprekare

Her er gode tips til korleis du kan få hjelp til å trene opp kroppen.
Les meir.

400 tusen i støtte til «Rett i jobb»-prosjekt

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) har tildelt Fjell kommune 400 tusen kroner i støtte til mentorprogrammet «Rett i jobb». Gjennom «Rett i jobb» skal ressurssterke flyktningar verta meir attraktive i arbeidsmarknaden. Prosjektet skal også engasjera tilsette i privat og offentleg sektor som ønskjer å bidra til auka mangfald i arbeidslivet som mentorar.
Les meir. 

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (11)

  • 11.03.: Fellesnemnda
  • 12.03.: Møte i Oslo
  • 13.03.: Møte med utval for miljø og samferdsle i Hordaland fylkeskommune om fylkesvei 561
                Opning av energimessa
  • 14.03.: Marstreff med Vest Næringsråd

Ordføraren neste veke (12)

  • 18.03.: Opning av Foldnesvegen byggetrinn 1
  • 19.03.: Besøk av kommunalkomiteen på Stortinget
                Politisk arbeidsutval
  • 20.03.: Integreringsrådet
  • 21.02.: Kommunestyremøte

Sist endret: 15.03.2019