Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 12 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Stortingskomité på besøk til Fjell

Det handla om kommunereforma, «Rett i jobb»-prosjektet og motsegn i praksis då Kommunal- og forvaltningskomitéen på Stortinget var på besøk i Fjell på tysdag.
Etter at Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy hadde ønskt stortingskomitéen og andre gjester velkomne til Fjell, orienterte ho saman med dei to andre ordførarane om arbeidet med å byggja Nye Øygarden kommune. Andre tema var «Rett i jobb» og motsegn.
Les meir. 

Opna første byggjesteg på Foldnesvegen

På måndag denne veka klipte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy av snora for å markera at byggjesteg eín av utbetringa av Foldnesvegen (fv 209) er fullført.Strekninga på 840 meter har fått breiare køyreveg og gang og sykkelveg mellom avkøyringa til Skiftedalsvegen og Larslia. Det er også sett opp nye busstopp langs strekninga. Mange vil nok setja pris på at den smale og trafikkfarlege strekninga no er historie.
Les meir

Godkjende planar for Grønamyrvegen (Straume) og Valderhaugane (Ågotnes)

Kommunestyret godkjende på torsdag to detaljreguleringsplanar som er klare for sluttbehandling. Planen for Grønamyrvegen (S-C-I) omfattar eit 25 dekar stort område sentralt på Straume, aust for Grønamyrvegen. Planen for Valderhaugane, Ågotnes, legg til rette for oppføring av barnehage og 177 bustadeiningar i einebustader, tomannsbustader, rekkjehus og blokker i tillegg til infrastruktur som leikeplassar, grøntareal og gangvegar.
Les meir

Gler seg til å ta imot nye elevar

Elevane på Brattholmen skule gler seg til å ta imot elevane frå Liljevatnet frå hausten av. Elevane på Liljevatnet skule gler seg også, men er likevel spente på korleis det vil verta å gå på ein ny skule frå hausten av. Leiinga på Brattholmen skule og Liljevatnet skule har i lengre tid samarbeidd tett for å leggja til rette for skulestart på Brattholmen skule i august.
Les meir. 

Fjell får 2,5 millionar til kommunepsykologar

Fjell kommune er tildelt 2,46 millionar kroner i tilskot til kommunepsykologar for 2019. Konkret er det gjeve tilskot til seks heile stillingar til psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstentestene i kommunen.
Les meir

Terapibassenget vert stengd 22. – 24. mars

Bassenget på Straume vert stengt for offentleg bading frå fredag 22. mars til sundag 24. mars på grunn av vedlikehaldsarbeid i damegarderoben.
Les meir

Frist for lister til kommunevalet i september

Alle parti og grupper som ønskjer å stille til val, må levere listeforslag til valstyret i kommunen eller fylkeskommunen dei ønskjer å stille til val i. Frist for å levere listeforslag er måndag 1. april 2019, kl 12.00.
Les meir

Mønster til barnegenser er på plass

No er det mogleg å få kjøpt mønster til Øygardsgenseren i storleikar for barn.Leiar i Sotra Husflidslag, Gunvor Bråthun Moe, opplyser at det no er mogleg å få mønster til fire, seks, åtte og ti år.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (12)

  • 18.03.: Opning av Foldnesvegen byggetrinn 1
  • 19.03.: Besøk av kommunalkomiteen på Stortinget
                Politisk arbeidsutval
  • 20.03.: Integreringsrådet
  • 21.02.: Kommunestyremøte

Ordføraren neste veke (13)

  • 26.03.: Besøk frÅ Gjesdal kommune
                 Møte med Hordalandsbenken på Stortinget
  • 28.03.: Valstyret i Nye Øygarden kommune
  • 29.03.: Offisiell opning av Øygarden lokalmedisinske senter

Sist endret: 22.03.2019