Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 13 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Arbeider med å tilsetja leiarar

Etter at fellesnemnda behandla framlegget til administrativ organisering for Nye Øygarden kommune den 11. mars og tok saka til orientering, har overordna styringsgruppe arbeidd med korleis leiarar skal rekrutterast og innplasserast for nivå to. Det skal også tilsetjast assisterande kommunalsjefar (nivå eín). Målet er at tilsetjingane er på plass innan 7. mai.
Les meir.

I dag var det fest i Fjell

I dag var 130 gjester i feststemning då Øygarden lokalmedisinske senter på Straume vart offisielt opna. Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen, som saman klipte snora. Også Øygarden tannklinikk, som held til i same bygg, vart offisielt opna i dag.
Les meir.

Presenterte og drøfta bustadsosiale tiltak

På tysdag var Gjesdal kommune og Husbanken på besøk i Fjell. Tema var bustadsosiale tiltak. Mellom anna vart det gjeve informasjon korleis Fjell organiserer dette arbeidet gjennom bustadkontoret. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy helsa dei 15 gjestene velkomne og informerte om både Fjell kommune og Nye Øygarden kommune.
Les meir.

Føreslår å gjera Liljevatnet skule om til barnehage

Rådmannen føreslår at Liljevatnet skule vert omgjort til barnehage som kan ta imot 130 barn. Kulturskulen held fram i same bygg og får utvida arealet frå 270 til 370 kvadratmeter. Komité for drift og forvaltning behandlar saka tysdag den 2. april.
Andre saker: Status for tiltak knytt til nedkjemping av barnefattigdom, etterbruk av Tellnes skule og fordeling av investeringsmidlar.
Les meir.

Drøftar krav om reguleringsplan for store planeringsfelt

Rådmannen føreslår at det som hovudregel skal utarbeidast reguleringsplan for store planeringsfelt. Komité for plan og utvikling skal drøfta dette på møtet den 2. april. På bakgrunn av erfaringane, legg rådmannen fram denne saka for å få prinsipiell avklaring om det skal krevjast reguleringsplan for denne type planeringsfelt. KPU skal også ta stilling til om detaljregulering for Søra Sundet, Knappskog, skal leggjast ut til offentleg ettersyn. KPU skal behandla åtte klagesaker.
Les meir.

Årsmelding for Regionrådet Vest for 2018

Regionrådet har godkjent årsmelding for Regionrådet Vest for 2018. I årsmeldinga er det mellom anna omtale av tildeling av skjønsmidlar, kommunereforma, vidaregåande utdanning i kombinasjon med høgskuleutdanning, Havrom 2018 og framtida for Gründerparken Vest.
Les meir.

Invitasjon til medverknadsmøte for Bildetangen

Framtidas kystby vert forma av dagens strilar. Bli med på medverknadsmøte for vidare utvikling av Bildetangen SE1 – framtidas bydel i Sotra Kystby. Møtet er onsdag 10. april kl. 18.00 i kantina på Fjell ungdomsskule.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (13)

  • 26.03.: Besøk frÅ Gjesdal kommune
                Møte med Hordalandsbenken på Stortinget
  • 28.03.: Valstyret i Nye Øygarden kommune
  • 29.03.: Offisiell opning av Øygarden lokalmedisinske senter

 


Sist endret: 29.03.2019