Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 14 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Verdig avskjed med Terje Aannerød

Ei fullsett Fjell kyrkje tok i dag farvel med Terje Aannerød. Aannerød har vore i presteteneste i Fjell sidan 1994.
- Du opplevde at han snakka direkte til deg og såg kvar enkelt. Vi kjem til å sakna Terje for gode ord, ikkje minst slik vi opplevde det på julaftan, sa varaordførar Tom Georg Indrevik under minnsamværet.
Les meir.

Opna den nye turnhallen på Straume

Sundag ettermiddag den 31. mars klipte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og Trond Mohn av snora for å erklæra Sotra Turnhall for offisielt opna. Den nye tilskotet til idrettsområdet på Straume er på brutto to tusen fem hundre kvadratmeter. Heile anlegget har ei kostnadsramme på 64 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift.
Les meir.

Lanserer felles kystpass 11 april

Frå nyttår av er Nye Øygarden eit faktum. Friluftsfolket tek dette på alvor og inviterer til felles kystpass for dei tre kommunane allereie denne sesongen. Dette er eit samarbeid mellom turlaga i Sund, Fjell og Øygarden. Det heile brakar laust torsdag 11. april klokk 17.00. Då vert felles kystpass lansert på Gitaren ved Stranda skule i Sund. Dei som likar å ferdast i naturen, kan denne dagen få utlevert kystpasset som viser 30 flotte turmål, 10 i kvar kommune.
Les meir.

Vil ha reguleringsplan for store planeringsfelt

Med sju mot to røyster (Framstegspartiet og Sotralista) slutta komité for plan og utvikling (KPU) på tysdag denne veka seg til rådmannen sitt framlegg til retningslinjer for behandling av planeringsfelt i landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF).Dette innebér at det som hovudregel vert kravd reguleringsplan for planeringsfelt i LNF-område dersom desse overstig 10 dekar eller tre meter høgdeavvik frå eksisterande terreng.
Elles vedtok KPU å leggja framlegg til detaljregulering for Søra Sundet, Knappskog ut på offentleg ettersyn.
Les meir.

Tilrår å gjera Liljevatnet skule om til barnehage

Komité for drift og forvaltning (KDF) tilrår at Liljevatnet skule vert omgjort til barnehage som kan ta imot 130 barn. Kulturskulen held fram i same bygg og får utvida arealet frå 270 til 370 kvadratmeter. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Elles vedtok KDF at framlegg til endring av inntaksområda frå skuleåret 2019/2020 for fem barneskular og to ungdomsskular vert sendt ut på høyring til skuleleiinga, samarbeidsutvalet og FAU i dei aktuelle skulekrinsane. Høyringsfristen vert 30. april. Deretter vert dei to sakene lagt fram for KDF for endeleg behandling.
Les meir.

Føreslår å undersøkja marknaden for pensjonsleveranse

Prosjektrådmannen for Nye Øygarden kommune føreslår at det vert gjennomført ei intensjonskunngjering for å få klarlagt om det kan gjerast ei direkte anskaffing i KLP eller om val av pensjonsløysing må ut på anbod. Saka vert behandla av fellesnemnda måndag 8.april.
Les meir.

Her kan du få hjelp til å klargjera sykkelen din

Som eit ledd i sykkelstrategien til Fjell kommune vert det invitert til vårkampanje torsdag 11. april. Møter du opp på Basecamp Repro på Straume mellom klokka 09.00 og 17.00 den dagen, tilbyr Fjell kommune ein enkel sjekk av sykkelen din til ein verdi av 200 kroner. I tillegg vert du med i trekninga av ein flott sykkel med ekstrautstyr.
Les meir.

Bli med på innsida av Øygarden lokalmedisinske senter

Fredag i sist veke var det storstilt opning av Øygarden lokalmedisinske senter. No kan du få vera med inn i senteret. Jøran Ingvaldsen har laga ein ni minutt lang video som viser kva tilbod regionen no har fått på Øygarden lokalmedisinske senter. 
Les meir.

Kurs: Vanar for livet

Friskliv- og meistringssenteret inviterer til eit familiebasert livsstilskurs. Over 12 samlingar får barn og foreldre erfaringar rundt gode, sunne levevanar gjennom samtale, erfaringsutveksling, praktiske øvingar og heimeoppgåver. Tid: tysdagar kl. 17.00 - 19.00. Det vert fire samlingar før sommarferie og åtte samlingar frå august til november.
Les meir.

Søk om startlån

Kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån i ordinære kredittinstitusjonar. Startlån er behovsprøvd og det stillast krav til at lånesøkjar har langvarige utfordringar med å finansiera kjøp av eigen bustad. 
Les meir.

Seminar med konsultasjonsteamet

28. mars var vi ca 250 tilhøyrarar som fekk glede og nytte av eit 3 timar langt seminar i regi av konsultasjonsteamet for vald og overgrepssaker. På agendaen stod eit innlegg frå V27, som er ei klinisk ressurseining for alle BUP'ar i Helse Vest. Målgruppa er barn og unge som utøver problematisk eller skadeleg seksuell atferd mot andre barn.
Les meir.

Sjømatjungel på Knappskog SFO

Det var høg aktivitet då matglade småkokkar på Knappskog stelte i stand sjømat på skulefritidsordninga denne veka. Skulefritidsordninga på Knappskog skule er ein av tre skular i Fjell kommune som har meldt seg på «Matjungelen».
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (14)

  • 01.04.:  Statusmøte Nasjonal transportplan i regi av Hordaland fylkeskommune
  • 02.04.:  Ordførarpraten på biblioteket
                 Komitemøte, komité for plan og utvikling og komité for drift og forvaltning
  • 04. – 07.04.: Landsmøte i Arbeidarpartiet

Ordføraren neste veke (15)

  • 08.04.:  Fellesnemnda
                 Forhandlingsmøte om byvekstavtalen
  • 11.04.:  Basecamp Repro, VÅRKAMPANJE
                 Lansering av kystpasset

Sist endret: 05.04.2019