Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 15 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Lanserte felles kystpass

Rundt 60 personar hadde funne vegen til Stranda skule og Gitaren på torsdag ettermiddag. Ordførar i Sund, Kari-Anne Landro kunne erklæra lanseringa av felles kystpass. Dette er første gongen at dei tre kommunane står saman om felles kystpass og totalt 30 turmål.
Fellesnemnda har løyvd pengar til felles kystpass.
Les meir.

Katarina vann sykkel til ein verdi av fem tusen kroner

Nokre minutt etter klokka 16 i dag kunne ordførar Marianne Sandahl Bjorøy avsløra kven som vart den heldige vinnaren av ein sykkel til ein verdi av fem tusen kroner. Katarina Fjell kan no gle seg over ny sykkel som start på sykkelsesongen. Vårkampanjen var eit ledd i sykkelstrategien til Fjell kommune.
Les meir.

Foldneselevar samla inn mest batteri i Hordaland

Klasse 4b var den flinkaste klassen i Hordaland til å samla inn batteri i Batterijakten. Når resultatet av konkurransen i mars vart kjent, viste det seg at elevane hadde samla inn 32,3 kilto batteri pr. elev. Totalt vart det samla inn 743 kilo i Batterijakten.
Les meir.

Legg om busstrafikken i Bergen sentrum

Dersom du skal ta buss frå Bergen mot vest, må du frå den 23. april ta bussen frå Bergen busstasjon. Olav Kyrres gate og Nordal Bruns gate vert stengd frå denne datoen, og mange busstopp i Bergen vert flytta. Frå den 23. april vert Bergen busstasjon den einaste haldeplassen i sentrum for bussar som skal til Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.
Les meir. 

Opna kulturskuleveka

Også i år vart det ei flott ramme på opninga av kulturskuleveka. Denne gongen var det leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, som stor for den offisielle opninga på Liljevatnet skule i går kveld. To konsertar vart avvikla og det var utstilling i foajeen.
Les meir.

Undersøkjer marknaden for pensjonsleveranse

Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune vedtok samrøystes på måndag at det skal gjennomførast ei intensjonskunngjering for å få klarlagt om det kan gjerast ei direkte anskaffing i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) eller om val av pensjonsløysing må ut på anbod. Elles vedtok fellesnemnda at Nye Øygarden kommune skal besøkja OTD i oktober.
Les meir. 

Søkjarlistene til fleire stillingar i Nye Øygarden

No er søkjarlistene til stillingane som assisterande kommunalsjefar, einingsleiarar og leiarar for stab klare. Etter planen skal tilsetjingane vera på plass den 7. mai.
Les meir. 

Skulemosjonsløp på Knappskog skule

Fredag 12. april arrangerer Knappskog skule eit skulemosjonsløp der hovudføremålet er å samle inn pengar til barnekreftforeninga.
Les meir. 

Ordførar Marianne Sandahl denne veka (15)

  • 08.04.: Fellesnemnda
                Forhandlingsmøte om byvekstavtalen
  • 11.04.: Basecamp Repro, Vårkampanje
                Lansering av kystpasset

 


Sist endret: 12.04.2019