Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 17 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Engasjement om utviklinga på Ågotnes

Nærare 40 personar hadde funne vegen til folkemøtet på Tranevågen ungdomsskule onsdag kveld. Det handla om kvalitetsprogrammet for Ågotnes sentrum. Konsulentfirmaet Vill Urbanisme har fått oppdraget om å utarbeida kvalitetsprogrammet. - Vi må leggja berekraftmåla til grunn for dette prosjektet. Det må vi gjera både fordi vi må og fordi det er rett, sa Barth.
Les meir.

Vil engasjera elevane for Nye Øygarden kommune

På onsdag denne veka var 90 elevrådsrepresentantar og vaksenkontaktar på alle skulane i Sund, Fjell og Øygarden samla på Fjell rådhus for å inspirera kvarandre til engasjement for den nye kommunen. Samlinga i dag var startskotet for tiltaket Elev i Nye Øygarden. Ordførarane sparka det heile i gang og oppmoda elevane om å delta i prosjektarbeid og mykje meir. 
Les meir

Utsette behandling av etiske retningslinjer for Nye Øygarden kommune

Partssamansett utval (PSU) utsette i dag behandlinga av etiske retningslinjer for Nye Øygarden kommune. Representantar frå tillitsvalde sakna at høyringsfråsegnene ikkje følgde saksdokumenta. Både dei politisk valde representantane og dei tillitsvalde i PSU gav uttrykk for at det ville vera nyttig å utsetja saka. PSU samla seg om å utsetja saka og leggja ho ut på høyring på nytt med sikte på behandling i PSU den 4. juni og seinare i fellesnemnda.
Les meir

Ny strandryddesesong er i gang

Gjennom fellesprosjektet «Pant på plast» har FjellVAR og kommunane i regionen sendt 1500 skuleelevar ut på feltarbeid med marin forsøpling som tema. I regionen vår vart det i 2018 samla inn om lag 130 tonn marint avfall. I samband med Strandryddeveka . april til 5. mai og Strandryddedagen 4. mai, vil FjellVAR og BOF også i år setja ut konteinarar på kommunale kaiar til innsamling etter ryddeaksjonar.
Les meir.

Elevar på Kolltveit skule er ambassadørar for Redd Barna

Sirja og Mathilde (7. kl.) på Kolltveit skule har nettopp blitt barne- og ungdomsambassadørar for Vestlandet i Redd Barna. Redd Barna er ein organisasjon som jobbar for at alle barna i verda skal få oppfylt rettane sine. Dei har ulike kampanjar for å få til dette, og jobbar heile tida med å finna nye løysingar.
Les meir.

Tilskot til omsorg og integrering

Helsedirektoratet har gjeve 1,25 millionar kroner til demensomsorg, og Arbeids- og velferdsdirektoratet har løyvd 960 tusen kroner til integrering av kvinner. Fjell kommune får også 2,75 millionar kroner til arbeid mot rusbruk.
Les meir

Invitasjon til MOT-FEST I VEST

MOT-fest i vest er ein ungdomsfestival arrangert av MOT i Fjell, Sund og Øygarden. Festivalen er eit tilbod for ungdom i alderen 12-18 år, altså også for 7.klasse, og arrangerast i Sotra Arena, men vi inviterer også vaksne og foreldre til å delta på Lokal Idol.
Les meir

Markerte Verdas Bokdag i Svingen barnehage

På torsdag denne veka fekk vi storfint besøk av barnehagesjef Margun Landro for å markera avslutninga på bokprosjektet dette året. Vestnytt var til stades for å dokumentera hendinga. Store og små fekk oppleva vaksne i roller som formidla bøker gjennom dramatisering, film, musikk og utstillingar.
Les meir. 

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (18)

  • 23.04:  Møte i partsamansett utval, Nye Øygarden kommune
                Politisk arbeidsutval (PAU)
  • 24.04.: Presentasjon av skuleprosjekt for elevråda (Nye Øygarden kommune) 
                Møte i utval for politisk organisering
  • 25.04.: Vedr. Fv 561 Kolltveit – Ågotnes,  møte med Hordaland fylkeskommune
                Møte i Samarbeidsarena Vest 
                Møte med Sjælland fylke frå Danmark
  • 26.04.: Møte i Bergensalliansen
                Årsmøte i Vest brann og redning

Ordføraren i neste veke (18)

  • 29.04.:  Representantskapsmøte i Øygarden brann og redning
                 Minnemarkering etter helikopterulykka ved Turøyna
                 Møte i komiteen «Overgang til ny kommune»
  • 30.04.:  Generalforsamling i BKK
                 MOT-festival i Sotra Arena
  • 01.05.   1. mai arrangement i kultursalen, Fjell rådhus
  • 03.05.:  Forhandlingsmøte,  Byvekstavtalen

 


Sist endret: 26.04.2019