Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 18 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Føreslår å byggja om demensavdeling

Rådmannen føreslår at demensavdelinga på Fjell sjukeheim vert bygd om frå 10 rom med ei seng til åtte større og meir moderne einsengsrom. Komité for drift og forvaltning (KDF) skal behandla saka den 7. mai.
Andre saker: Endring av inntaksområde for ungdomsskulane og fleire av barneskulane og tilskotsordning barnefattigdom.
Les meir.

Meld deg på Skjærgardsrittet!

Dersom du har høve til det, er tida inne for å melda seg på til Skjærgardsrittet. Vanlegvis vert rittet arrangert 2. pinsedag. Skjærgardsrittet vert arrangert for 40. gong, og i jubileumsåret går rittet av stabelen allereie sundag den 26. mai.
Les meir.

Talent viste seg fram på MOT-fest

Dommarpanelet og deltakarane på MOT-fest 2019 i Sotra Arena hadde ei krevjande oppgåve då dei skulle velja mellom 15 flotte Idol-innslag på scena i kveld. Publikum let seg imponera av ungdomane som viste seg fram som om dei ikkje har gjort anna. Til sjuande og sist var det Elise Hovland (10 klasse) på Fjell ungdomsskule som gjekk av med sigeren.
Les meir.

Planlegg utbygging av 104 bustadeiningar

Komité for plan og utvikling skal på møtet den 7. mai ta stilling til detaljreguleringsplan for Møvika og Skoge. Rådmannen tilrår at planen vert lagt ut til offentleg ettersyn. Planområdet er på om lag 100 dekar og ligg til dels på Møvika og dels på Skoge. KPU skal behandla fem klagesaker.
Les meir.

Verdig minnemarkering etter helikopterulukka

Måndag ettermiddag var Med tonane til «Ut mot havet» var pårørande, lokalbefolkninga og mange andre samla til minnemarkering etter helikopterulukka ved Turøyna den 29. april 2016. I dag er det tre år sidan helikopteret styrta og 13 personar omkom. Det var ordførar i Øygarden Børge Haugetun som heldt talen ved minnemarkeringa.
Les meir.

Lanserer nettside for Elev i Nye Øygarden

I dag vert nettsida for tiltaket Elev i Nye Øygarden lansert. På denne sida finn du informasjon om korleis grunnskuleelevane i Sund, Fjell og Øygarden kan engasjera seg i bygginga av den nye kommunen. På nettsida er det undervisningsopplegg, informasjon om korleis klassane kan verta venskapsklasse, konkurranse og mykje anna.
Les meir.

Ny tilkomst til og frå Kystbygarasjen og Sprek og Blid

Frå måndag 6. mai kl. 22.00 vert Grønamyrsvegen tilkomstveg til og frå Kystbygarasjen og Sprek og Blid. Det vert frå same tidspunkt ikkje lenger høve til å køyra til og frå Kystbygarasjen og Sprek og Blid via Arefjordvegen.*
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (18)

  • 29.04.: Representantskapsmøte i Øygarden brann og redning
                Minnemarkering etter helikopterulykka ved Turøyna
                Møte i komiteen «Overgang til ny kommune»
  • 30.04.: Generalforsamling i BKK
                MOT-festival i Sotra Arena
  • 01.05. 1. mai arrangement i kultursalen, Fjell rådhus
  • 03.05.: Forhandlingsmøte, Byvekstavtalen

Sist endret: 02.05.2019