Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 10 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Han lovar å bruka sykkelhuset dagleg

Knut Thore Algrøy var den første som kunne trilla sykkelen sin inn i sykkelhuset på Straume. På torsdag var det offisiell opning av det nye parkeringshuset for syklar. Fjell kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen står saman om sykkelstrategien, og i dag underteikna representantar for dei tre aktørane under ein sykkelbyavtale for regionsenteret Straume.
Les meir.

Nye løysingar på gamle problem

Det var mykje kreativitet og nytenking å sjå blant elevane som viste fram prosjekta sine i andre etasje på Sartor Storsenter på torsdag. Thomas og Lukas viste stolt fram dronane dei sjølv har produsert. I dag var det offisiell opning av Energimessa 2018. Thomas Wåge Hanen og Lukas Dalaker Eikefjord har valfaget teknologi i praksis på Fjell ungdomsskule. 
Les meir

300 omsorgsmedarbeidarar samla på fagdag

I løpet av to dagar i mars deltek om lag 550 medarbeidarar i omsorg i Sund, Fjell og Øygarden delta på felles fagdagar. På den første samlinga var nærare 300 samla på onsdag denne veka i Strandahallen i Sund. Det heile starta med at leiar av fellesnemnda og ordførar i Sund, Kari-Anne Landro gav status for arbeidet med Nye Øygarden kommune.
Les meir

Føreslår analyse av kommunal tenestepensjon

Fellesnemnda skal på møtet den 19. mars ta stilling til prosjektleiar sitt forslag til oppfølging av val av leverandør for kommunal tenestepensjon. I 2017 vart det etter vedtak i førebuande fellesnemnd gjennomført ei kartlegging av kommunal tenestepensjon. Prosjektleiaren føreslår at det vert utarbeidd ein ny analyse av situasjonen i dag og situasjonen for Nye Øygarden kommune når det gjeld kommunal tenestepensjon.
Les meir

Presenterer framlegg til omstillingsavtale

Til møtet i partssamansett utval (PSU) den 22. mars ligg det føre framlegg til omstillingsavtale. Avtalen regulerer arbeidsgjevarpolitiske spørsmål og utfordringar i samanslåingsprosessen fram til nytt kommunestyre er konstituert i den nye kommunen. Når den nye kommunen er etablert som eige rettssubjekt frå 1. januar 2020, trer den nye kommunen inn i denne avtalen.
Les meir

Vil be fellesnemnda å tilrå tomt for ny vidaregåande skule

Regionrådet Vest drøfta på møtet på måndag eit notat der det er peika på seks alternative forslag til tomt for ein ny vidaregåande skule i regionen. Regionrådet drøfta ikkje dei konkrete tomtealternativa, men tok stilling til korleis saka skal behandlast politisk i regionen. Regionrådet prioriterte også mellom søknader om skjønsmidlar frå Fylkesmannen.
Les meir

Bebuarane på Kvednatunet møter vaksne ungdom

Anna kvar fredag kjem ungdom og deira støttespelarar til Kvednatunet. Dei lager til ei magisk stund for våre bebuarar. Fem til ti ungdomar kjem her med vaffelrøre, songhefte, pianist og masse engasjement. 24/7-senteret har gjennom prosjektet «Eldrevenn» fått til eit svært vellykka treff.
Les meir.

Innspelssamling for frivillige lag og organisasjonar

Alle frivillige lag og organisasjonar vert invitert til Innspelssamling for kommunesamanslåing og Frivilligforum torsdag 22. mars kl. 18.00-20.30 i kulturhuset ved Fjell rådhus.
Les meir

Ungdommens kommunestyre gjev uttale i saker om skulenedlegging

På møtet i Ungdommens kommunestyre (UKS) den 20. mars skal ungdomspolitikarane gje uttale til sakene om nedlegging av Tellnes og Liljevatnet skular. Møtet vert halde den same dagen som komité for drift og forvaltning skal ta stilling til om sakene om skulenedlegging skal leggjast ut på høyring. Det er lagt opp til at UKS-medlemene høyrer på orienteringa Norconsult skal ha i samband med dei to sakene frå klokka 16.00.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (11)

• 12.03.: Regionrådsmøte

• 14.03.: Møte med DNB

• 15.03.: Opning av sykkelparkering på Straume

• 16.03.: Formell underskriving av samarbeidsavtale «samordnet regional digitalisering»

Ordføraren neste veke (12)

  • 19.03.:  Fellesnemnda

  • 20.03:   Kommunalpolitisk toppmøte i Oslo

  • 21.03.:  Møteplass Marin:  Rødt lys over Hordaland (Bergen Næringsråd)

  • 22.0.:   Partsamansett utval, Nye Øygarden kommune
                Politisk organisasjonsutvalg, Nye Øygarden kommune
                Årsmøte i Vest Næringsråd


Publisert: 16.03.2018 09:35
Sist endret: 16.03.2018 09:47