Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 19 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Nødvendig med omfattande økonomiske grep

Formannskapet vedtok på onsdag denne veka at det skal gjennomførast omfattande grep for å snu den økonomiske situasjonen slik at Fjell kommune oppnår eit resultat som samsvarar med budsjettet for 2019.
Les meir.

Endrar inntaksområde

Komité for drift og forvaltning (KDF) vedtok på tysdag å endra inntaksområda for Fjell ungdomsskule og Tranevågen ungdomsskule. Det vart også vedteke å endra inntaksområdet for fleire barneskular. Andre saker: Inkluderingstilskot til nedkjemping av fattigdom og tilskot til materiell, utstyr og kompetanseheving.
Les meir.

Utfordrande økonomisk situasjon

Økonomirapporten basert på økonomiske rapportar frå Sund, Fjell og Øygarden viser eit negativt avvik på 15,9 millionar kroner etter første kvartal 2019. Det går fram av saka prosjektrådmannen for Nye Øygarden legg fram for behandling i fellesnemnda den 13. mai. Økonomirapporten er basert på økonomiske rapportar kvar av dei tre kommunane har utarbeidd til sine respektive politiske organ.
Les meir.

Legg plan for Møvika og Skoge til offentleg ettersyn

Komité for plan og utvikling (KPU) vedtok på tysdag å leggja detaljreguleringsplan for Møvika og Skoge ut til offentleg ettersyn. KPU behandla fem klagesaker.
Les meir.

Fjell kommune er nominert til nasjonal innovasjonspris

Saman med Trondheim og Ulstein kommunar er Fjell kommune nominert til innovasjonsprisen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for 2019. Bidraget frå Fjell til prisen er Rett i jobb-prosjektet som gjer det mogleg for flyktningar å kombinera jobbpraksis og språkopplæring og dermed oppnå raskare integrering.
Les meir.

Tilsetjing i leiarstillingar Nye Øygarden kommune

Fem tilsetjingsutval har gjort tilsetjing i 29 stillingar som assisterande kommunalsjefar, einingsleiarar og leiarar av stab i Nye Øygarden kommune.
Les meir.

Lyser ut fire leiarstillingar

Onsdag denne veka vart det gjort kjent at tilsetjingsutvala har gjort tilsetjing i 29 leiarstillingar i Nye Øygarden kommune. No lyser Nye Øygarden kommune ut fire stillingar der det ikkje vart gjort tilsetjing i denne runden.

Vi feirer Nye Øygarden kommune

Nye Øygarden kommune inviterer lag og organisasjonar til å delta i feiringa av at Sund, Fjell og Øygarden vert ein ny kommune frå januar 2020. I tida fram til nyttår oppmodar vi våre gode lokale kulturressursar til å gjennomføra arrangement og andre tiltak i lys av at vi byggjer ein ny kommune saman.
Les meir.

Folkemøte om ny godshamn på Ågotnes

Fjell kommune inviterer til folkemøte der det vert gjeve informasjon om planane for ny godshamn på Ågotnes. Folkemøtet vert halde på Tranevågen ungdomsskule tysdag 14. mai kl. 19.00.
Les meir.

Generasjonstreff

I samarbeid med Barsel Sotra startar vi opp med generasjonstreff ein fredag i månaden. Her kan mødre, fedre og barn vera saman med våre eldre på Straume bu og servicesenter og Fjell sjukeheim. Musikkterapeut vil vera tilstade under treffa - kanskje dei eldre kan lære oss nokon barnesongar vi ikkje har høyrt på ein stund?
Les meir.

Ordførfar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (19)

  • 06.05.:  Møte med prosjektrådmannen Nye Øygarden kommune
                 Gruppemøte
  • 07.05.:  Ordførarprat på biblioteket
                 Komitemøte
  • 08.05.:  Bedriftsbesøk på Fabtech 
                 Formannskapsmøte
  • 09.05.:  Konsert på Hamramyra/Ågotnes barnehage
                 Møte i Bergen og omegn Havneråd 

Ordføraren neste veke (20)

  • 13.05.:  Fellesnemnda
                 Valstyre
  • 14.05:   Delingsseminar - Gode Sirklar
                 Folkemøte om godshavm på Ågotnes
  • 15.05.:  Styringsgruppemøte i Gründerparken
                 Opning av gapahuk i Kårtveitpollen
  • 16.05.:  Møte med Fellesforbundet
                 Møte i utval for politisk organisering

17.05.19.     Kransenedleggelse ved Fjell kirke

18.05.19.     125-års jubileumsfest i RAN seilforening


Sist endret: 10.05.2019