Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 20 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Tek endeleg avgjerd om barnehage på Liljevatnet

Kommunestyret skal på møtet den 23. mai avgjera om Liljevatnet skule skal omgjerast til barnehage. Komité for drift og forvaltning (KDF) har tilrådd at Liljevatnet skule vert omgjort til barnehage som kan ta imot 130 barn. Dersom kommunestyret sluttar seg til innstillinga, skal kulturskulen halda fram i same bygg og får utvida arealet frå 270 til 370 kvadratmeter.
Les meir.

La ned krans på minnestøtta ved Fjell kyrkje

- I dag bøyer vi oss i takksemd for dei som gav aller mest, dei som gav sin eigen fridom for at vi skulle få leva i han. Det sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy før ho etter gudstenesta i Fjell kyrkje la ned krans på minnestøtta.
Les meir.

Vil gje inntil to milliardar meir i frie inntekter

Regjeringa vil gje mellom eín og to milliardar kroner meir i frie inntekter i 2020. Det går fram av kommuneproposisjonen (kommuneopplegget) som regjeringa la fram på tysdag. Regjeringa meiner kommunesektoren har eit godt økonomisk grunnlag og som dei siste åra har hatt gode driftsresultat. Regjeringa føreslår ein viss kompensasjon dersom kommunesamanslåing fører til at veksttilskotet forsvinn.
Les meir.

Lyser ut fire leiarstillingar

Onsdag førre veke vart det gjort kjent at tilsetjingsutvala har gjort tilsetjing i 29 leiarstillingar i Nye Øygarden kommune. No lyser Nye Øygarden kommune ut fire stillingar der det ikkje vart gjort tilsetjing i denne runden.
Les meir

Stort engasjement om godshamn på Ågotnes

Rundt 75 personar hadde funne vegen til folkemøtet på Ågotnes der Fjell kommune og Bergen og Omland Havn AS (Bergen Havn) informerte om planane om godshamn på Ågotnes. Om lag 20 personar tok ordet i eit engasjert ordskifte.
Les meir

Krevjande økonomi

Dei tre kommunane i vest skal laga ein økonomisk prognose for årsresultatet for 2019. Dette vert lagt fram på ein budsjettkonferanse i juni. Det vedtok fellesnemnda på måndag denne veka. Fellesnemnda vedtok også at til møtet i juni skal det liggja føre oversyn over tapte inntekter som inntreffer i overgangen til 2020 og oversyn over forventa reduksjon i stillingar ved naturleg avgang.
Les meir.

Digital transformasjon

- Vi skal gjennom ein digital transformasjon. Digitalisering omfattar heile den offentlege sektoren. Dette sa kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering i Nye Øygarden kommune, Sissel Iren Nesse, då ho på tysdag ønskte 35 medarbeidarar i Sund, Fjell og Øygarden velkomen til arbeidsverkstad i Sund.
Les meir.

Avslutningskonsert

Fireåringane i Ågotnes barnehage og Hamramyra barnehage, hadde sist torsdag konsert for foreldre og andre inviterte. Konserten var for å markere avslutninga på eit to-årig prosjekt, der barnehagane har hatt tett samarbeid med kulturskulen og Åshild Eriksen og Erika Kroken.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (20)

  • 13.05.: Fellesnemnda
                Valstyre
  • 14.05.: Delingsseminar - Gode Sirklar
                Folkemøte om godshamn på Ågotnes
  • 15.05.: Styringsgruppemøte i Gründerparken
                Opning av gapahuk i Kårtveitpollen
  • 16.05.: Møte med Fellesforbundet
                Møte i utval for politisk organisering
  • 17.05.: Kransenedleggelse ved Fjell kirke
  • 18.05.: 125-års jubileumsfest i RAN seilforening

 


Sist endret: 16.05.2019