Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 21 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Liljevatnet skule vert barnehage

Kommunestyret vedtok på torsdag å gjera Liljevatnet skule til barnehage. Barnehagen får kapasitet til å ta imot 130 barn. Det er lagt til grunn at kulturskulen held fram i same bygg og får utvida arealet frå 270 til 370 kvadratmeter.
Andre saker: Oppløysing av Øygarden brann og redning, nedkjemping av barnefattigdom og etterbruk av Tellnes gamle skule.
Les meir.

Avgjerande landskamp i Sotra Arena

Den 5. juni er det duka for storspenning i Sotra Arena. Då skal dei norske handballjentene møta Kviterussland i avgjerande kamp om å verta kvalifisert til VM.
- Det er viktig at Sotra Arena vert fylt opp til randen på ein kamp som dette. Det er gledeleg at handballforbundet brukar Sotra Arena som landskamparena, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.
Les meir.

Redusert folkevekst i Fjell

Folketalet i Fjell auka med 28 personar første kvartal 2019. Dette viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Veksten er vesentleg lågare enn tilsvarande periode i fjor då folketalet auka med 89 personar dei tre første månadene. Dei siste 12 månadane har folketalet i Fjell kommune auka med 1,5 prosent.
Les meir.

Samarbeidsprosjekt med Høgskulen om internasjonale matrettar

I mars 2019, fekk vi i «Prosjekt IKS-kantine-intro/internasjonal kantine Fjell rådhus», ein invitasjon frå Høgskulen på Vestlandet om å delta i ein samarbeidsdag mellom tilsette og praktikantar i prosjektet vårt og studentane på Høgskulen. Vi avtalte med høgskulen å koma til dei for ein felles samarbeidsdag 10.04.2019. 
Les meir.

Liljevatnet-klasse til finale

5. klasse ved Liljevatnet skule er klar for finalen i «Skoglekene» 2019. Som ein av 12 skular i Noreg er Liljevatnet skule teken ut til finale på Norsk skogmuseum på Elverum onsdag 5. juni. Vegen fram til finalen har vore delt inn i tre rundar. Rektor Dagfinn Ellingse opplyser at elevane har brukt «Eventyrskogen» som ligg bak gamle Knarrevik skule som sin «nærskog».
Les meir.

Siste dagen for den 15. «Kroppen i balanse-gruppa»

Torsdag 16.mai var siste samling for vårens «Kroppen i balanse-gruppa» - eit førebyggjande tilbod til eldre heimebuande. Fyrste gruppe vart gjennomført våren 2012. Dette var, og er framleis eit samarbeid mellom Dagavdelinga/Straume bu og servicesenter og fysio- /ergoterapiavdelinga i Fjell kommune.
Les meir.

Takka Kurt Rune Andreassen for godt samarbeid

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy overrekte blomar til mangeårig direktør på Coast Center Base, Kurt Rune Andreassen, i forkant av behandlinga av sakene på kommunestyremøtet på torsdag. For kort tid sidan gjekk han av som direktør. Men han held fram som «seniorpensjonist» for å bruka hans eigne ord.
Les meir.


Sist endret: 24.05.2019