Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 22 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Føreslår å byggja om Fjell sjukeheim

Rådmannen føreslår at demensavdelinga på Fjell sjukeheim vert bygd om innanfor ei kostnadsramme på 15,1 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Saka vert behandla i komité for drift og forvaltning (KDF) den 4. juni. Elles skal komitéen løyva midlar til kulturarbeid, økonomirapport og trafikksikring.
Les meir.

Tilrår endring av plan for Straume Sjøfront

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 4. juni ta stilling til detaljreguleringsplan for S4 Straume Sjøfront på Straume. Den nye planen legg til rette for inntil 325 bustadeiningar som er 125 fleire enn i gjeldande plan. Andre planar; Espedalen, Luren og Steingardvegen og fire klagesaker.
Les meir.

Gjennomfører anbodskonkurranse for val av pensjonsleverandør

På møtet i partssamansett utval (PSU) den 4. juni, ligg det føre orienteringssak om anbodsprosessen knytt til pensjonsleverandør. Etter at det er gjennomført ei intensjonskunngjering, har prosjektleiinga konkludert med at det skal gjennomførast anbodskonkurranse. Andre saker: Lokalisering av tenestene og etiske retningslinjer.
Les meir.

Føreslår vidare utgreiing av snøggbåtrute

Rådmannen går inn for at det vert arbeid vidare med utgreiing av båtsamband mellom Ågotnes og Bergen. Han ønskjer også at det vert arbeidd meir med å vurdera snøggbåtanløp frå Brattholmen kai og Straume Sjøfront. Formannskapet skal gje uttale til ein rapport om båtsamband på møtet den 5. juni.
Les meir.

Opning av FriHuset og BUA på Ågotnes

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy opnar det innovative FriHuset, og leiar for komite for drift og forvaltning, Ernst M. Einarsen, opnar BUA Fjell tysdag 4. juni. Det vert også besøk frå BUA sentralt, Eline Egeland, som er gründer for BUA-nettverket.
Les meir.

Siste ordinære møte for Ungdommens kommunestyre

På tysdag denne veka var ungdommens kommunestyre (UKS) i Fjell samla til det siste ordinære møte. På møtet vart det delt ut diplom til alle medlemene. Frå 2020 vert det ungdommens kommunestyre/råd for Nye Øygarden kommune. Det vart eit møte prega av gode samtalar om tema som rus og utdanning.
Les meir.

Eigen metodehandbok for «Rett i jobb»-prosjektet

Gjennom prosjektarbeid har Fjell kommune utvikla ein metode for korleis ei verksemd kan ta flyktningar med høg utdanning eller lang arbeidserfaring rett i arbeid i staden for på introduksjonsprogram. No er det utarbeidd ei handbok over metodeutviklingsprosjektet som skildrar korleis dei tilsette i prosjektet har jobba fram metoden frå start til slutt.
Les meir.

NED med fråværet i Fjell kommune

NED med sjukefråværet! er ei satsing som er retta mot kommunar med høgt fråvær. KS (fellesorganisasjon for kommunane) har regi og verktøy og har som mål å gje drahjelp til arbeidet kommunane har med å redusera sjukefråværet og er eit samarbeid mellom KS, NAV og Fjell kommune.
Les meir.

Generasjonstreff, samling til glede for store og små

Eit smil kan sei mykje meir enn ord. Fredag 24. mai var det klart for første generasjonstreff, bebuarar på Fjell sjukeheim og Straume Bu- og Servicenter hadde gleda seg til storinnrykket med alle nurkane. Alder betyr ingenting berre ein har godt humør og ein liten song på lur.
Les meir. 


Sist endret: 31.05.2019