Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 23 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Draumen oppfylt etter sju år

Tysdag den 4. juni var heilt spesiell for dagleg leiar av FriHuset, Svein Ekrem. Mange jubla denne dagen, men det var nok ei oppfylling av ein draum av det heilt spesielle slaget for Ekrem då ordførar Marianne Sandahl Bjorøy med kniven kunne skjera av snora for å markera ungdomshuset og BUA på Ågotnes for offisielt opna.
Les meir.

Rår til å byggja om Fjell sjukeheim

Komité for drift og forvaltning (KDF) tilrår samrøystes overfor kommunestyret at demensavdelinga på Fjell sjukeheim vert bygd om innanfor ei kostnadsramme på 15,1 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. På møtet på tysdag vart det også fordelt 460 tusen kroner i kulturtilskot og gjort innstillingar knytt til gjeldssanering og justering av investeringsbudsjettet.
Les meir.

Etiske retningslinjer er klare for sluttbehandling

Partssamansett utval (PSU) gav på tysdag innstilling på dei etiske retningslinjene for Nye Øygarden kommune. Etter at retningslinjene har vore ute på ei ny høyring etter behandlinga i PSU i april, tok PSU i dag stilling til ei rekkje forslag til endringar av retningslinjene. Saka går til endeleg behandling i fellesnemnda den 17. juni.
Les meir.

Språkkommunen Fjell

Ved 4-årskontrollen på helsestasjonen får barnet eit gåvekort. Språkstrategien til Fjell kommune er ein del av ein nasjonal strategi for satsing på språk, lesing og skriving. Kommunen vart vald ut av Utdanningsdirektoratet til å vera ein språkkommune i perioden 2017 – 2019. Det innebar at kommunen måtte laga ein strategi for språkarbeid frå barnet startar i barnehage til det er ferdig med vidaregåande skule.
Les meir.

Analyserer havbruksnæringa

Arbeidet med havroms- og moglegheitsanalyse for havbruksnæringa i Sund, Fjell og Øygarden er venta avslutta til nyttår. Det opplyste prosjektleiar Arnt-Ivar Kverndal på møtet i Regionrådet Vest på måndag denne veka. Regionrådet har teke initiativ til å gjennomføra ein havroms- og moglegheitsanalyse. Dei tre kommunane har løyvd eín million kroner til å gjennomføra analysen. Arnt-Ivar Kverndal opplyste at etter ein anbodsrunde, er det inngått avtale med Akvaplan Niva med ei ramme på 820 tusen kroner.
Les meir.

Tilrår endring av plan for Straume Sjøfront

Komité for plan og utvikling (KPU) rår kommunestyret til å godkjenna vesentleg endring av delar av detaljreguleringsplan for S4 Straume Sjøfront på Straume. Den nye planen legg til rette for inntil 325 bustadeiningar som er 125 fleire enn i gjeldande plan. KPU behandla saka på tysdag. Andre planar; Espedalen (Kolltveit), Luren (Foldnes) og Steinsgarden (Landro.
Les meir.

Hospiterte i Fjell og fekk landskamp på kjøpet

Informasjonsmedarbeidaren i Marl kommune i Tyskland, Rabea Effelsberg, fekk med seg landskamp i handball i Sotra Arena då ho denne veka hospiterte i Fjell kommune. Ho fekk dermed oppleva at med sigeren 31-28 over Kviterussland er handballjentene sikra VM-deltaking i Japan. I løpet av veka har ho besøkt Fjell festning, Liatårnet og fått med seg opninga av FriHuset og BUA på Ågotnes på tysdag.
Les meir.

Ønskjer vidare utgreiing av snøggbåtrute

Formannskapet støttar innstillinga frå rådmannen om at det vert arbeid vidare med utgreiing av båtsamband mellom Ågotnes og Bergen. Formannskapet drøfta på onsdag uttalen til ein rapport om båtsamband mellom Nye Øygarden kommune og Bergen. Formannskapet går også inn for å innføra ein områdemodell for Straume.
Les meir.

Sangsprell, vegen inn til språket

Dei siste åra har Leirstaden barnehage hatt språk som satsingsområde. Med fornya kunnskap om kor viktig musikk og song er for utviklinga av språket, blei nettopp song og musikk fokuset då barnehagen tok til med arbeidet i 2019.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (23)

  • 03.06.:  Synfaring med Kommunaldepartementet og Klimia- og miljødepartementet knytt til to                        motsegnssaker
  • 04.06.:  Åpning av FriHuset og BUA på Ågotnes
                  Komitemøte
  • 05.06.:  Industrikonferanse med LO/AP
                 Formannskap
                 Handballkamp Noreg – Kviterussland
  • 06.06.:  Forhandlingsmøte om Byvekstavtalen
  • 07.06.:  "Kva er viktig for deg-veka" på Fjell sjukeheim

Ordføraren neste veke (24)

  • 11.06.:  Ordførarprat på biblioteket
  • 12.-15.06.: Besøkjer venskapskommunen til Sund, Scalloway på Shetland

 


Sist endret: 07.06.2019