Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 24 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Trondheim vann innovasjonspris, heider til Fjell

Det vanka ros til både vinnaren, og dei to andre finalistane, Ulstein og Fjell, då Kommunal- og moderniseringsdepartementet på fredag i sist veke delte ut Årets innovasjonspris til Trondheim på konferansen «Fremtidens kommuner» i Arendal. Juryen rosa Fjell kommune for å ta tak i utfordringane knytt til flyktningstraumen i 2015.
Les meir.

Kommunestyremøte 20. juni

Kommunestyret skal på møtet den 20. juni behandla tre reguleringsplanar. Det gjeld detaljregulering for Straume Sjøfront, Luren (Foldnes) og Espedalen (Kolltveit).Det ligg også føre forslag om å byggja om demensavdelinga på Fjell sjukeheim innanfor ei kostnadsramme på 15,1 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. 
Les meir.

Formannskapet drøftar byvekstavtale

Formannskapet skal den 20. juni drøfta utkastet til byvekstavtale for bergensområdet. Avtaleutkastet er i samsvar med det siste forhandlingsmøtet, men er ikkje ferdigforhandla. Målet med byvekstavtalen mellom staten, fylkeskommunen og fem kommunar i bergensområdet er at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtrafikk, sykling og gange (nullvekstmålet).

Føreslår FjellVAR (ØyVAR) som leverandør av renovasjonstenester

Prosjektrådmannen for Nye Øygarden kommune føreslår at fellesnemnda vel FjellVAR AS (og rettsetterfølgjaren ØyVAR) som renovasjonsleverandør frå 2020. Fellesnemnda tek stilling i saka den 17. juni. Sund kommune har BIR AS som renovasjonsleverandør. Fellesnemnda har tidlegare vedteke at det skulle gjennomførast avklaringsrundar med BIR AS før fellesnemnda tek endeleg avgjerd om renovasjonsleverandør for Nye Øygarden kommune.
Les meir. 

Organisering av Nye Øygarden kommune

Leiinga i Nye Øygarden kommune har no konkludert med korleis den Nye Øygarden kommune skal organiserast administrativt. Organisasjonsstrukturen skal visa korleis einingar og stabar er organiserte på nivå to innan kvart kommunalsjefområde.
Les meir.

Invitasjon til fest for frivillige

Frivillige i Fjell kommune vert invitert til sommarfest fredag 21. juni i kultursalen ved Fjell rådhus. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og Helge Nilsen er mellom dei som skal ha ordet. Det vert underhandling ved Rusty & Red.
Les meir. 

Inkluderingstilskot 2019

Lag og organisasjonar kan no søkja tilskot for å inkludera barn og unge i kultur, idrett og fritidsaktivitetar. Målgruppa er barn og unge til og med ordinær vidaregåande skule. Målet med tilskotet er at fleire får delta i aktivitetar, uavhengig av økonomien til hushaldet.
Les meir. 

Samla inn kr. 54 400,- til barnekreftforeininga.

Tidlegare i vår arrangerte Knappskog skule eit skulemosjonsløp i samarbeid med Team Rynkeby med mål om å samla inn pengar til kreftforsking. Elevane sprang til saman 1 546 rundar og vart sponsa av foreldra med beløp for kvar runde dei sprang.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (24)

  • 11.06.: Ordførarprat på biblioteket
  • 12.-15.06.: Besøkjer venskapskommunen til Sund, Scalloway på Shetland

 


Sist endret: 14.06.2019