Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 25 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Ill.

Byggjer ut demensavdeling på Fjell sjukeheim

Kommunestyret vedtok på torsdag å byggja om demensavdelinga på Fjell sjukeheim innanfor ei kostnadsramme på 15,1 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. På det siste møtet før sommaren godkjende kommunestyret også tre reguleringsplanar og gav uttale til rapport om båtrute mellom regionen vår og Bergen.
Les meir. 

Oppmodar folk å vaksinera seg

Folkehelseinstituttet (FHI) oppmodar vaksenbefolkninga til å ta oppfriskingsvaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. Det vert også tilrådd å ta vaksinasjon mot meslingar dersom ein er usikker på vaksinasjonsstatus når det gjeld denne sjukdomen. Smittevernlege i Fjell, Jens Eikås, seier at auka reiseverksemd i befolkninga og auka innvandring frå område der
et mellom anna er poliomyelitt, gjer det nødvendig å oppmoda folk til å vaksinera seg på nytt.
Les meir.

Drøfta byvekstavtale

Eit utvida formannskap drøfta på torsdag byvekstavtale for bergensområdet. Det vart ikkje gjort vedtak på møtet. Det nyvalde kommunestyret for Nye Øygarden som skal ta stilling til avtaleutkastet før nyttår. I tillegg til det ordinære formannskapet, møtte gruppeleiarane for dei partia som ikkje er representerte i formannskapet. Ordførarane i nabokommunane, Sund og Øygarden, var observatørar.
Les meir. 

Presenterer forslag til tiltak mot rusbruk

Ei arbeidsgruppe i Fjell kommune som har kartlagt utfordringar knytt til ungdom og rus, føreslår mellom anna at det vert oppretta eit ungdomsteam. Teamet er føreslått samansett av helse- og sosialfagleg personale med tett samarbeid med politi og skule. Bakgrunnen for oppretta eit arbeidsgruppe var varsling frå politiet i januar i år om aukande rusutfordringar blant ungdom i Fjell.
Les meir. 

FjellVAR (ØyVAR) vert leverandør av renovasjonstenester

Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune vedtok på måndag denne veka at FjellVAR AS (og rettsetterfølgjaren ØyVAR) skal vera renovasjonsleverandør frå 2020. Dette var eitt av mange vedtak på det siste møtet i fellesnemnda før ferien.
Les meir.

Annleisveke på Brattholmen skule

Brattholmen skule har gjennomført Annleisveke der prosjekt « Nye øygarden kommune» har vert tema i år og. Fram mot kommunesamanslåinga i år 2020 skal skulen læra mykje om dei tre kommunane, Fjell, Sund og Øygarden, som skal bli vår nye kommune, Nye Øygarden kommune, «Eit fyrtårn i vest»!
Les meir.

Sommaraktivitetar for ungdom

For ungdom frå 13 - 18 år (Også for elevar som skal starte i 8. klasse). Første mann til mølla! Døme på aktivitetar er Sotra Villmarksenter, Synth workshop, SUP (Stand up padling) og mykje anna.
Les meir.

Med gládag på timeplanen på Landro skule

Kvar torsdag gjennom heile skuleåret ser skuledagen litt annleis ut på Landro skule, då er det nemleg Gládag på timeplanen. Det handlar om samarbeid og samhandling på tvers for liten og stor.
Les meir.

Vitnemålutdeling – grunnskule for vaksne

Torsdag 20. juni markerte Vaksenopplæringa at vi for første gong i Fjell kommune har ein avgangsklasse i grunnskulen for vaksne. Vitnemålsutdelinga var feira med morellar og «bobler» i glasa, utdeling av roser, diktlesing og utveksling av gode ord.
Les meir.

Generasjonstreff

I samarbeid med Barsel Sotra er det starta opp generasjonstreff ein fredag i månaden. Her kan mødrer, fedrar og barn vera saman med våre eldre på Straume bu- og servicesenter.
Les meir. 

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (25)

  • 17.06.:  Fellesnemnda

  • 18.06.:  Avslutningsmøte for forskingsstudiet «Sjef i eige liv»

  • 19.06.:  Møte med næringslivet på Søre Straume

  • 20.06.:  Generalforsamling i Gode Sirklar
                  Formannskapsmøte
                  Kommunestyremøte

  • 21.06.:  Vigslar
                  Frivilligfest/sommaravslutning

  • 22.06:   Vigslar

Ordføraren neste veke (26)

  • Ferie

Sist endret: 20.06.2019