Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 26 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Fekk oppdatering om Nye Øygarden kommune

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland møtte den administrative og politiske leiinga i Nye Øygarden kommune på måndag denne veka og fekk informasjon om arbeidet med å byggja den nye kommunen. Til stades på møtet var prosjektrådmann Rune Lid, ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, og fungerande ordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik.
Les meir.

Korleis kan ein få barnet si stemme inn i møter som omhandlar barnet, og kva effektar gir det?

Dette er ei av problemstillingane tilsette i Sund, Fjell og Øygarden har jobba med dei siste vekene. Rundt 30 tilsette i dei tre kommunane har delteke i seks eksperiment som har testa ut ulike måtar å samhandla på i møte med brukarane. Eksperimenta er ein del av StimuLab-prosjektet. Eksperimenta har blitt dokumentert undervegs, både av dei tilsette og av dei rundt 15 brukarane som har deltatt i eksperimentet, samt deira pårørande.
Les meir.

Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022

Høyring/offentleg ettersyn av Berekraftig vern og bruk av kulturminna i Fjell - Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022. Komite for drift og forvaltning (KDF) vedtok 04.06.2019 å leggja framlegg til Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022 ut på høyring og offentleg ettersyn i sju veker. Høyringsperioden vert f.o.m. 27. juni t.o.m. 15. august.
Les meir. 

Inkluderingstilskot 2019

Lag og organisasjonar i Fjell kommune kan no søkja tilskot for å inkludera barn og unge i kultur, idrett og fritidsaktivitetar. Målgruppa er barn og unge til og med ordinær vidaregåande skule. Målet med tilskotet er at fleire får delta i aktivitetar, uavhengig av økonomien til hushaldet. Søknadar blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Det er inntil kr 500 000 – fem hundre tusen – til fordeling i 2019.
Les meir.

Aktivitetsdag

Fredag 7. juni vart det arrangert aktivitetsdag for elevar med ulike funksjonsvanskar frå Fjell kommune. Totalt deltok 42 elevar frå barne- og ungdomsskulane i kommunen, og vi var om lag 80 personer med barn og vaksne. I år var vi for første gong i den nye turnhallen til Sotra Sportsklubb. Dette er eit samarbeid mellom spesialavdelinga på Hjelteryggen skule, ergo- og fysioterapiavdelinga i Fjell og Sotra Turn.
Les meir. 

Her kan du trygt bada

Helseverneininga i Bergen kommune har gjennomført prøvetaking av vasskvaliteten i fem badevatn i Fjell. Fire av badevatna vert rekna som godt eigna badevatn. Fuglavatnet (Landro), Kvernavatnet (Ågotnes), Skiftedalsvatnet (v/ Foldnes kyrkje) og Arefjordvatnet vert kategoriserte som god eigna badevatn. Skogavatnet (v/ Sotra Arena) vert rekna som mindre eigna badevatn.
Les meir.

Sommarfest for frivillige – velfortent pust i bakken

Fredag 21. juni vart det stelt i stand til konsert i kultursalen i Fjell rådhus. Med musikk, koldtbord og kake vart dei frivillige takka for innsatsen. På denne dagen skulle dei frivillige få sitja i ro og kosa seg. Det var mange høgdepunkt i løpet av kvelden, men det var Rusty & Red som sørgde for at festen tok av. Det var innlegg ved ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og Helge Nilsen.
Les meir.


Sist endret: 28.06.2019