Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 27 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Lyser ut anbod for Sotrasambandet i 2019

Samferdsledepartementet forventar fullt trykk på framdrifta for Sotrasambandet. På torsdag orienterte statssekretær i samferdsledepartementet, Tommy Skjervold (Frp), leiinga i dei tre kommunane om status for prosjektet. Departementet har ambisjonar om at anbodskonkurransen vert lyst ut i 2019 og at ei ny bru vert teken i bruk i 2025.
- Vi er ikkje nøgde med informasjonsflyten og framdrifta prosjektet. Difor tek vi no tak i dette for å sikra tettare oppfølging, sa Skjervold.
Les meir. 

Opnar rundkøyring på Straume

Rundkøyringa ved Kystbygarasjen på Straume vert opna for ordinær trafikk frå måndag 8. juli klokka 15. Rundkøyringa har vore stengd frå 8. januar for å verta bygd om til ei rundkøyring som gjev ein betre trafikkavvikling. 
Les meir. 

Overgangar handlar om kulturmøte

Fjell kommune vart Språkkommune i 2018. Overgang er eitt av tre satsingsområde for å nå det overordna målet. På bloggen til Lesesenteret på Universitetet i Stavanger skriv PPT-rådgjevar i Fjell kommune, Ranveig Bungum, at Fjell kommune tilpassa overgangspakken i Språkløyper til overgangen mellom barneskule og ungdomsskule. Det ga gode kulturmøte, men óg viktig innsikt i kva dei må jobbe vidare med.*
Les meir. 

I sommar skal det lesast!

Heile 16 ungdomsskuleklasser i Fjell kommune har meldt seg på sommarlesekampanjen for ungdom, som nynorskprosjektet «Stolt av eige språk» står bak. Ved å vere med på lesekampanjen får elevane tips til gode ungdomsbøker dei kan ta med seg på hytta, i byen, på fjellet eller stranda.
- Vi ynskjer at lesing skal vere lystprega og kjekt i ferien, og er glade for at så mange klasser har meldt seg på kampanjen», seier Jorid Saure, prosjektleiar i «Stolt av eige språk».
Les meir.

Dette skjedde 1. halvår 2019

Det har ikkje mangla på store og små hendingar i Fjell kommune det siste halvåret. Eitt av høgdepunkta var den 29. mars då Øygarden lokalmedisinske senter vart offisielt opna. Det var også opning av første byggjesteg av utbetring av Foldnesvegen og FriHuset på Ågotnes.
Les meir.

Sommar på FriHuset

Velkomen til sommarklubben og ungdomsklubb på FRIHUSET på Ågotnes. Sommarklubben har ope tysdag og onsdag. Det er også ungdomsklubb kvar torsdag.
Les meir.

 


Sist endret: 05.07.2019