Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 28 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Årsmelding for Fjell kommune 2018

I juni godkjente kommunestyret årsmelding og rekneskap for 2018. Har du lyst å verta kjend med Fjell kommune og retta blikket både bakover og framover, er det berre å ta seg tid til å lesa. I årsmeldinga kan du lesa kva ordføraren, rådmannen og sjefane har å seia om året som ligg bak og kva tankar dei har om framtida.
Les meir.

Endringar i leiarteamet

Det skjer fleire endringar i leiarteamet i Fjell til hausten. Både hjå Skulesjefen og Plan- og utbyggingssjefen skjer det endringar. Rune Golf vert skulesjef ut året, medan Hanna Gjesdal skal fungera som plan og utbyggingssjef. Stian Wikran Johansen vert fungerande eigedomssjef.
Les meir. 

Toppar utlånsstatistikken

Det er svært populært å låna utstyr på BUA på Ågotnes. Ikkje minst skular og barnehagar har nytta dette tilbodet, seier dagleg leiar på FriHuset, Svein Ekrem. Ifølgje Ekrem er det stor interesse for å låna utstyr, og det er jamleg besøk i BUA. På landsbasis toppa Ågotnes toppa statistikken i juni med 631 utlånte einingar. Sjølv om FriHuset og BUA offisielt vart opna tidleg i juni, har det vore tilbod i det gamle helsehuset sidan april.
Les meir.

Framleis stram økonomi i Fjell

Rådmannen reknar med at rekneskapen for 2019 vil liggja tett opp til budsjettet, kanskje noko betre. Det skriv han i oppsummeringa av den månadlege rapporten for juni som han i dag har sendt til kommunestyret og leiargruppa. Formannskapet har bedt rådmannen å leggja fram ein økonomirapport for kommunen kvar månad. Denne rapporten vert sendt ut til orientering. Andre tertialrapport (pr. 31.08.2019) vert lagt fram til politisk behandling og endeleg vedtak i kommunestyret.
Les meir. 


Sist endret: 12.07.2019