Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 15 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Tiltak for betre Trafikkflyt

Frå og med den 16. april vert det gjennomført ein del tiltak for å få betre trafikkflyt mellom Sotra/Øygarden og Bergen. Desse trafikkomleggingane kan få konsekvensar for deg som trafikant. Målet er at tiltaka skal gjera kvardagen lettare for dei aller fleste. Likevel vil nokre trafikantar oppleva at dei må ta ein omveg.
Les meir. 

- Kommunane bør ivareta barneverntenesta

Kommunestyret skal på møtet den 19. april ta stilling til ein uttale om ein rapport frå eit ekspertutval som har vurdert nye oppgåve til fylkeskommunen. I framlegget til uttale frå Fjell kommune heiter det at kommunen støttar overføring av statlege oppgåver til fylkeskommunen som vist til i høyringa, med unnatak av barnevern. Elles skal kommunestyre ta endeleg stilling til plan for Skorafjellet barnehage.
Les meir

Besøkjer alle 75-åringar i Fjell

Fjell kommune starter nå opp med tilbodet førebyggjande og helsefremjande heimebesøk til alle som fyller 75 år i 2018, dette dreier seg om 151 personar. I desse dagar vert det sendt ut brev til dei som fylte år i januar, februar og mars der det er sett av forslag til tidspunkt for besøket.
Les meir.

Føreslår Rune Lid som prosjektrådmann

Rådmann i Sund, Rune Lid, er føreslått som prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune fram til utgangen av 2018. Det er leiargruppa, samansett av dei tre ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden, som i samråd med rådmennene har utarbeidd ei mellombels løysing for prosjektstyringa av Nye Øygarden kommune. Fellesnemnda tek stilling til forslaget på møtet den 16. april.
Andre saker: Prosess for ny rådmann, politisk styringsstruktur og eigarskap.
Les meir

Fagdag for 2. års lærlingar

I går vart det arrangert fagdag for 2. års lærlingar i kultursalen på rådhuset. Lærlingane fekk nyttig informasjon om det å søkje arbeid ved Nina Høiem. Oda Strøm Oksholm gav oss nyttig informasjon om Fagprøven. Lærling og elev ombod Sigrid Isdal fortalte om jobben sin. Ho gav oss alle nyttig informasjon om helse, miljø og tryggleik. Kor viktig nettopp du er på din arbeidsplass for eit godt arbeidsmiljø.
Les meir.

Søk om treningstid og arrangement

Lag og organisasjonar kan søkja om fast trening- og øvingstid i kommunale anlegg.
Les meir

Hjelp til å søkja bustønad elektronisk

Har du låg inntekt og høge buutgifter til leige av bustad eller nedbetaling av bustadlån? Då kan du ha rett på bustønad. Husbanken og Bustadkontoret i Fjell kommune er til stades for å hjelpa deg.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (15)

  • 09.04. Møte om trafikktiltak
  • 11.-12.04.: Erfaringsseminar, kommunesamanslåing
  • 13.04.: Kontaktutvalet for næringslivet
  • 14.04.: Kulturgalla

Ordføraren i neste veke (16)

  • 16.04.: Møte i fellesnemnda for Nye Øygarden kommune
                Folkemøte på Liljevatnet skule
  • 17.04.: Møte i partssamansett utval
  • 19.04.: Kommunestyremøte
                Opning av O'leary's
  • 20.04.: Avslutningskonferanse for BYR-programmet
  • 21.04.: Opning av NM i Sportsdrill i Sotra Arena
                Jubileumsmusical – Fjell kulturskule 40 år

Publisert: 13.04.2018 11:01
Sist endret: 13.04.2018 13:18