Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 33 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Første skuledag er alltid spennande

Det var mange forventningsfulle førsteklassingar som saman med foreldra sine møtte opp på skulane på torsdag denne veka. På Ulveset skule var flagget heist til topp for å markera den første skuledagen dette skuleåret. Rektor Cecilie Dahl er ny rektor på Ulveset skule. Klokka ni i dag var ho klar til å ta imot dei forventningsfulle førsteklassingane i gymnastikksalen.
Les meir.

Fleire vil røysta på førehand

I tre-tida på måndag var det tilløp til kø ved røystelokalet i Fjell folkeboksamling. Frå i går av kunne folk nytta seg av tilbodet om å røysta i kommune- og fylkestingsvalet på førehand. Då biblioteket stengde dørene klokka 16, var det registrert 40 røyster. I Fjell kan du førehandsrøysta på Fjell folkeboksamling og på servicetorget i Fjell rådhus på Straume.
Les meir.

Framleis underskot på drifta

Økonomirapporte0n pr. 31. juli viser framleis at det ikkje er balanse i økonomien i Fjell kommune. Formannskapet har bedt rådmannen å leggja fram ein økonomirapport for kommunen kvar månad, og rapporten for juli viser ikkje særleg endring samanlikna med rapporten for juni. I denne rapporten har rådmannen i tillegg til økonomi gått djupare inn på tema som folketalsutvikling, sysselsetjing, arbeidsplassar, pendling og handel.
Les meir.

Oppmodar elevane om å gå eller sykla til skulen

For femte året på rad inviterer Beintøft skulane til å vera med på gå-til-skolen-aksjon. I perioden 2. til 29. september kan barneskuleelevar (1.-7. klasse) over heile Noreg konkurrera mot kvarandre om å koma seg til og frå skulen på den mest miljøvennlege måten. Formålet med kampanjen er å inspirera til å la bilen stå ved å gå, sykla eller reisa kollektivt.
Les meir.

Kurs: Bli venn med maten

Slit du med mat, kropp og kjensler? ROS tilbyr nå kurset "Bli venn med maten", tilpassa deg med problematikk knytt til overspising. Første kursdag er torsdag 5. september. Kurset er i stor grad erfaringsbasert – kombinert med forsking som viser til gode resultat når det gjeld nedgang i overspisingsepisoder, betre forhold til eigen kropp, økt evne til å kjenne sultfølelse og ikkje minst økt evne til å kjenne metthetssignaler i kroppen.
Les meir.

Velkomen til temakafé

Onsdag 4. september kl. 17.00 - 19.00. Fjell Seniorsenter, 3. etg. ved Arkaden, Sartor Storsenter. Vi tek opp aktuelle tema og byr på ulike kulturelle innslag. Velkomen innom for ein kopp kaffe og ein matbit – og samtale med andre som har lik erfaring.
Les meir. 

Delte ut refleksvestar

Femteklassingen på Hjelteryggen skule, Nils Terje Pukstad, var ikkje så lite stolt då ordføraren i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, i dag presenterte refleksvestane som skal delast ut til dei 170 elevane på skulen. Alle refleksvestane er påført teikninga til Nils Terje. Sju skular har delteke i ein teiknekonkurranse.
Les meir. 

Vil marknadsføra ungdommens kommunestyre

Ungdomspolitikarane i Fjell ønskjer å marknadsføra ungdommens kommunestyre (UKS) for ungdomsskulane og vidaregåande skular i regionen. UKS var samla i går for å drøfta informasjon på skulane og korleis vedtektene for ungdommens kommunestyre skal vera i den nye kommunen frå nyttår av.
Les meir.

Slik jobbar vi med bokprosjektet i Svingen barnehage

I kvardagen les vi ofte under måltidet. Vår innstilling er at leseaktiviteten skal vera lystbetont og gi leselyst hos barna samtidig som han skal styrkja språket deira. Det betyr i praksis at vi kan bruka mykje tid på å studera ei side eller gjenstand i boka over lang tid.
Les meir. 

 


Sist endret: 16.08.2019